
Sju elevar på studietur til Lisboa i Portugal, september 2007. Her er gruppa ved Palácio da Pena i Sintra utanfor Lisboa
På skulen vår nyttar vi omgrepet studietur, og ikkje klassetur. Når vi reiser i inn- og utland saman med elevane er vi er på faglege reiser. Studiereisa siktar mot nye opplevingar og kunnskap, ved å utvide eleven sitt synsfelt og gje kunnskap om kultur og kvardagsliv andre stader enn heime. For mange elevar inneber det ei oppvakning. Det sosiale aspektet blir også godt ivareteke. For oss som faglærarar i programfaga, er ikkje ”turar” eit mål i seg sjølv. Turane er eit middel for å utføre ei oppgåve og løyse utfordringar som er mest relevant i forhold til den kvardagen og dei krava som vil møte elevane våre som vel å satse på ei karriere i faga våre. Når dette er sagt, vil vi raskt tilføye at studieturar er eit pedagogisk og fagleg verkemiddel som er grensesprengande for elevane våre på mange måtar, både fagleg, sosialt og til dels økonomisk. Les meir
You must be logged in to post a comment.