Verda kjem nærmare

Det er kanskje somme som meinar eg snakkar for mykje om reisene eg har vore på, eller skal på. At det blir for mykje skryt. Ja, det kan hende eg skryter litt. Men eg skryt ikkje av det faktum at eg reiser, veldig mange reiser mykje i dag, nei eg skryt av at verda er så fantastisk! Det eg er overvelda av begeistring over, er naturen, kulturen og folka eg møter. At desse landa, der eg er gjest, og dei folka eg møter, vekkjer så stor begeistring og gjenklang hos meg. At eg gler meg som eit barn til å sjå stadig nye stader, kultur og folk. Det er altså ikkje meg sjølv og mi reise-prioritering eg hyllar, men det at verden har så mykje å by på!

Kva anna enn private opplevingar oppnår ein så med det å reise? Bortsett frå egotrippen ved det å farte rundt og ha «fri», kva har ein så igjen for reisene? Noko samfunnsnyttig i dette?  
Eg har sett Dagsrevyen sidan 70-talet då vi fekk fjernsyn i huset heime. Men dei første åra, medan eg fortsatt var liten, var leggetida halv åtte og det var samtidig med at kjenningen til Dagsrevyen ljoma i stova. Då skulle det forresten vere stilt, for besten ville sjå nyheitene i fred.  Seinare fekk eg sjå kva som skjedde i verda utanfor mitt trygge univers. Eg hugsar best dei magre barna i Afrika med fluge i augene og kulemagar, som eg ikkje forstod at dei kunne ha midt i svoltkatastofen. Men det var langt, langt borte.

Eg sit her ein søndagskveld i 2011 og ser tilstanden på Elfenbenskysten, der vald og anarki pregar livet. Eg ser nordafrikanske flyktningar under primitive forhold på ei lita italiensk øy i Middelhavet. Eg har ikkje vore i hverken Tunisia eller Libya, som er sentrale i denne saka, men har dei siste åra besøkt Egypt og Marokko. Det er nok til ei auka interesse for Nord-Afrika generelt frå mi side.

Nyleg tok norske F16-fly av frå Kreta, retning Lybia. Tru om det er ein av dei to flyplassane flyet mitt landar på når eg skal på ferie dit i sommar? Det vil eg finne ut. Norge tek del i operasjonen, seinare kjem det meir flyktningar. Kvar drar dei då, når Lampedusa er tømt?
For dei som er glade i å reise, slik eg er, angår stadig meir av verdshendingane. Eg reiser som turist, men eg ser likevel samanhengar til samfunnsforhold og eg får auka forståing.
Det som skjer i Egypt angår meg. Eg feira jul der for nokre år sidan. Eg føler sympati med folket. Eg hugsar den unge mannen eg drakk te med i parfymebutikken. Vi diskuterte litt politikk, men eg var forsiktig, sidan eg er kvinne. Likevel, det var eit lærerikt og hyggeleg møte. For meg er slike møte meir verdt enn shopping og tollkvoten.

Det var ein av elevane mine som var mest oppdatert på den politiske tilstanden som forårsaka søppelberget i Napoli i fjor. Det vart eit tema i foto og filmarbeid, då vi besøkte byen på studieturen i Italia. Eg likte tendensen, det at elevane ser samanhengar og tenkjer journalistisk når dei reiser.

Då uveret ramma Queenland i vinter var eg tilbake på strendene og mintes det gjestfrie folket eg møtte då eg var der på 80-talet. Lenge sidan? Javel, men likefullt eitt av landa som har fått ein plass i hjerte mitt. Og ført til meir innsikt og empati.

Slik fortsetter det. For eg sluttar ikkje å reise, eg reiser heller meir. Og eg kjem til å applaudere elevar og studentar som reiser og blir klokare. For eg trur dei fleste blir meir reflekterte og engasjerte etter ei reise, ogvi  er i stand til å samanlikne meir og sjå fleire samanhengar. 
Reise-erfaringane kan brukast i jobben. Påstanden min er altså at reiser gjer oss litt klokare, og at sjølv private reiser ikkje berre er til eigen fordel. Viss eg kan undervise med litt meir innsikt, eller skrive betre blogginnlegg eller opne meg meir for ukjente. Då er turane verdt kvar krone. Meinar eg.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Verda kjem nærmare

  1. Atle Hamar seier:

    Hei Anne Brit. Las denne først no, ventande på flyplassen i Salzburg, der våre to eldste søner og Daniel er på veg heim frå alpane. Eg ser resultata av det du seier i bloggen. Perspektiv og innsikt, refleksjon og spørsmål. «The three of them» har helde i hop i alle år, dyrka dei same idrettane og reist mykje i lag. Som 7-åringar lærde dei jamaldringar frå Stryn og Hafslo å kjenne på alpinrenna vi tok dei med på.Nettverk og relasjonskompetanse. Eg tenkjer framleis at dette er betre investering enn ein kvar børsaksje.

    • annebsande seier:

      Hei Atle! Ja, vi tenkjer nok likt der. Dei har lært dannelse i ung alder og fått mykje sosialisering gjennom idrett spesielt. Gutane våre er priviligerte, men eg håpar og trur dei veit det. Nokre elevar eg har reist med er mindre reisevante. Eg plar kalle studieturane for «dannelsesreiser» og merkar kor mykje dei har å seie for modning og refleksjon, som du seier. Eg tolkar deg slik at turen har vore god og gutane kjekke.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s