Attraktive signal

Retorikk er interessant. Etter å ha sett den siste Debatten på  NRK(nett)TV i dag, sit eg igjen med nokre tankar. Det blir formidla og sagt igjen og igjen som ei udiskutabel sanning at Norge er eit attraktivt land. Og eg lurer på; kven seier det? Og korleis måler ein kva land som er attraktive? Det må vel vere å sjå på tal som viser kor mange som vil hit. Og samanliknar vi med sentrale land i Europa, ja – kor attraktivt blir Norge då?

Så er det ordet signaleffekt, å sende signal til, som ei av våre profilerte politikarar brukar igjen og igjen.  Og då lurer eg på kva signal vi eigentleg sender frå Norge no. Signal om å ha ein konsekvent og streng innvandringspolitikk? Ja,  – men i tillegg? …  Kva blir vi, kven er vi, vi norske, rike, menneske som har rom for så få andre her hos oss?

Aftenposten fortel at vi – Norge – er blitt strengaste landet i Europa, i høve tilbakesending av afghanske asylsøkarar. Sagt på ein annan måte, Norge er det landet dei har aller minst sjanse å få asyl.
For nokre er vel desse signal «attraktive», men dei er i ein annan verkelegheit enn meg.

strengest-i-europa

Hvert eneste år siden 2010 har Norge avslått 92 prosent eller mer av søknadene, og det siste året har 99 prosent fått avslag. Norge behandlet 895 søknader gjennom siste halvår i fjor og første halvår i år, viser tallene fra Eurostat. (Aftenposten)

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s