Menneskerettsdagen 10.desember 2016

Eg studerer menneskerettar på Høgskulen i Sør-øst (Drammen) og har heimeeksamen no i desember. Eg har

fatima-faar-nye-sko

Dette er Fatima som får nye sko, i flyktningleiren Souda på Chios i mai 2016.

lest side på side om menneskerettar i haust. Eg har sett videoar på nett, surfa, skrive kommentarar og delt. Kanksje er nokon begynt å bli lei av engasjementet mitt. Eg vurderer difor å puste liv i denne mediekanalen, bloggen min, som har lege brakk ei stund. Her er det kanskje eit større og betre rom for å meine, reflektere og dele.

For eitt år sidan
I desember 2015 forlet eg norsk julefeiring og  reiste til Chios i Hellas, der eg arbeidde som frivillig for Dråpen i havet i ei god veke. Sidan har det blitt tre turar til i 2016. Så absurd det kan høyres ut, lengtar eg tilbake dit no i desember. For meg gav det meir meining å delta i hjelpearbeid, enn å no skulle feire norsk advent og jul om få veker.
Menneskerettar er for meg å ha og leve eit verdig liv. Fatima levde ikkje eit godt liv i leiren, eg kunne sagt mykje om det, men eg har ikkje lov å utlevere hverken ho eller andre. Eg håpar ho har det betre no enn i mai. Skoa hjalp kanskje litt.

eldre-mann-volleyball

I mai spelte han volleyball med Samer, Bernhard og borna inne i leiren.

Han og kona var blant dei eldste. Då vi kom tilbake i juli var dei der framleis, men ikkje lenger så optimistiske som i mai. Det forstår eg godt, ventinga og uvissa tærer på. Men verdigheit hadde han framleis. Eg lurer på om dei to har kome seg vidare no, om dei er ute av campen og kanskje i Athen?

Midtvegs i 2016
Dei let vere å ta til seg mat i protest mot den meiningslause ventinga og at borna ikkje fekk skulegang og meiningsfylte dagar. Seinare har det blitt oppretta eit skuletilbod nokre dagar i veka for borna i Souda. Sveltestreiken varte omlag ei veke, men dei fekk ikkje den merksemda dei hadde håpa på, hverken frå media eller storsamfunnet utanfor. Ein av dei sa til meg at dei var iferd med å gje opp Europa. Dette var etter EU-Tyrkia avtalen og grensene er stengde.

 

Og i dag?

Kva er menneskerettar for oss? Vi tar dei som ei sjølvfølge. Eg ser eit skille mellom

sultestreik

I mai sveltestreika eit tjuetals personar i Souda.

vår verd og deira verd, som eg nesten ikkje klarar å leve med. Det finnes inga rettferd i korleis eg tilfeldigvis er fødd og vaks opp i friheit, demokrati og velstand, medan mine venner i Souda vaks opp i diktatur og ufridom.
No lever dei utan noko. Alt har blitt teke i frå dei. Også menneskerettar vi tek forgitt…
Også i dag 10.desember 2016 skjer det brot på dei mest elementære av alle rettar. Aleppo blør.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s