Terrorvelde med russisk alliert

aleppo

Nyheitsankeret på Channel 4 News introduserer eit innslag frå Aleppo, filma på det siste gjenværande sjukehuset i østlig del av byen.

The last hospital in rebel-held Aleppo

Videoen eg har linka til (over) er vond å sjå på. Men vi må tole det. Vi må sjå, forstå og aldri gløyme. Og vi må aldri stole på Russland så lenge Putin styrer landet.

For presidenten i vårt naboland, Russland har sørga for at diktatoren Assad kan halde fram med å terrorisere sitt eige folk. Russland og Kina har også hindra FNs Sikkerheitsråd i å stoppe blodbadet og hejlpe det naudlidande folket. For Russland tok parti med diktatoren, for å nedkjempe IS. Saman med Iran og med bidrag frå Hizbollah, har Putins bomber slått tilbake opprøret, førebels i Aleppo. Men det finnes mange opprørsgrupper og IS er ikkje borte om Aleppo er gjenerobra.

I 2011 var det «vår» i den arabiske verda, også i Syria, der det starta med fredelege demonstrasjonar og fortsette med eit seks år langt helvete. Håpet og ønsket blant folket i 2011 var større fridom. Menneskerettar og demokrati som er ei selvfølge i vesten, var kanskje berre eit håp langt framme for mange. For det syriske folket lever i eit diktatur. Og diktatoren har fått landet i arv. Vanskeleg å fatte, men her er historikken i kortversjon. Krigen i Syria på 2 minutt

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s