Studietur til Balkan

Laurdag 1. april reiser eg, saman med medstudentar på studietur til fem land på Balkan. Eg vil nytte bloggen til reisebrev med tekst og foto frå denne turen. Balkan er eit høgaktuelt område av Europa å besøke no. Innlegga vil ha fokus på kva som skjedde for berre 20 år sidan og status for fred- og forsoningsarbeidet i åra etter.

2014-04-14 17.03.58

Hausten 2016 starta eg på studiet Menneskerettigheter, fleirkulturell forståing og konflikthåndtering, ved Høgskolen i Sør-Øst Norge. Det valet er eg veldig glad for at eg tok. Eg blir berre meir inspirert og motivert for kvart semester. Vi er no midt i modul to og eg skal ta fire. Gjennom dette studiet får eg mykje lærdom og innsikt, som eg kan bruke både i jobb og frivillig arbeid.

I studiet inngår det også spennande studieturar i kvart semester. Denne våren reiser vi til fem land på Balkan; Kosovo, Bosnia-Herzegovina, Serbia, Makedonia og Kroatia. Vi har åtte dagar og tett program, der vi mellom anna skal treffe representantar frå dei ulike folkegruppene, besøke krigsminnesmerke og byar, som Srebrenica, Sarajevo og Mostar. Eg les meg opp på Forsoning av Enver Djuliman, som er vår guide på reisa. Han har sjølv bakgrunn frå Bosnia-Herzegovina, er freds- og menneskerettsaktivist og underviser i dette viktige feltet gjennom sitt arbeid i Den Norske Helsingforskomiteen.

Fann boka Cellisten i Sarajevo i dag, som eg tar med i handbagasjen. Eg har også snakka med folk frå Bosnia som har gitt meg tips. Eg trur dette blir ei svært lærerik reise og gler meg til veke 14.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s