Paradoks i Kosovo

I Kosovo er 60% av ungdommen utan jobb. Og mange unge held fram med å utdanne seg til arbeidsløyse. Andre forlet landet.

Det uoffisielle talet på arbeidslause i Kosovo er sagt å vere 45%, men vi fekk presentert ulike tal av ulike kjelder i dag. Landet har ei ung befolkning og det er dei som er hardast ramma av mangel på arbeidsplassar. Grunnen er «mismatch» mellom utdanning og arbeidsmarknad. Godt hjelpt av familie og eit samfunn som ser ned på fagarbeid, vel dei som har råd til det akademiske fag. For mange ungdommar fører utdanninga dermed rett i arbeidsløyse. Det er ikkje nok arbeidsplassar som ventar dei. Eit gryande næringsliv etterspør fagfolk, sjansane for jobb er betre i den retning, men fagarbeid har låg status i Kosovo.

kosovo1

Brikenda Metay er i tjueåra og studerer psykologi ved Universitetet i Pristina. Ho er ei av dei heldige som har funne jobb ved sidan av studiet i resepsjonen på hotel Pristina, men ho er usikker på framtida.

Misforholdet mellom utdanning, arbeidsliv og sysselsetting, er berre eitt av mange paradoks i det minste landet på Balkanm Med 1,8 millionar menneske. Forholda mellom dei ulike folkegruppene er eitt anna og minst like urovekkande tema. Den albanske befolkninga er på kring 92%, medan serberane utgjer om lag 6% av folket (Store norske leksikon). Sytten år etter krigen i Kosovo, lever serberar og albanerar adskilte liv, i forskjellige bustadområder og eigne samfunn. Dei har minst mogeleg med kvarandre å gjere.

Folket trur på islam, ortodoks kristendom og romersk-katolsk kristendom, men ulike religionar er berre av eitt av fleire faktorar som utgjer skille mellom folk. Serberar og albanerar har ulike språk, kvar sitt skulesystem og helsevesen. På skulen lærer borna totalt forskjellige versjonar av historia til landet og dei unge møtes ikkje. Faktisk kan barn og unge frå dei to folkegruppene, gå gjennom heile oppveksten utan å bli kjent med nokon «frå den andre sida». Serbia støttar dei serbiske samfunna i Kosovo, politisk og økonomisk og Serbia er såleis med å oppretthalde eit splitta Kosovo. I dag møtte vi Marko som representerar den serbiske minoriteten. Han la vekt på at at det er vanskeleg for dei å innfinne seg med majoriteten i landet og at stadig fleire unge serberar forlet landet.

kosovo3

I det serbiske samfunnet i Gracanica møter vi representantar frå Serbian NGO, som er opptekne av framtida til sitt folk.

Kosovo er også heimlandet til minoritetane bosnjaker, roma, ashkali, Balkan-egypterar, tyrkerar, gorani, montenegrinar og kroatar. Vi møtte representantar organisasjonen for rom, ashkalin og egytiske folkeslag, somhar ei langt meir forsonande haldning til majoritetsbefolkninga, enn dei serbiske representantane.

I løpet av ein dag i Kosovo møter vi folk frå alle sider, representantar for organisasjonar, med ulike oppgåver og roller. At livet har vore og framleis er meir brutalt her enn vi er vant med, får vi fleire påminningar om.

Alban Skerden jobbar i ein organisasjon som hjelper kvinner og menn som vart utsette for seksuelle overgrep og tortur under krigen. Vi blir fortalt om systematisk bruk av voldtekt som våpen, jenter heilt ned i 6 årsalderen vart voldtatt av menn under krigen.
I Kosovo er voldtekt tabu og skam for offera og familiane deira og difor har overgrepa blitt fortidd og helde skjult. Dei siste åra har imidertid kartlegging avdekka det store omfanget. Det blir nemnt så mange som 20 000 kan ha blitt utsette for ulike former for overgrep dei åra krigen pågjekk. Fire rettsaker er igang, men så langt har ingen nokon gong (!) blitt dømt for voldtekt i Kosovo. Det seier sitt om kvifor fortielse og fortrening er ein vanleg strategi for kvinnene som skal leve vidare.

kosovo5

Han jobbar for å hjelpe krigsofre, mellom anna kvinner som har blitt valdtekne. Ho er professor og oppteken av at dei unge må få vite kva som faktisk skjedde under krigen.

Serbia, saman med Russland har ikkje godkjent Kosovo som sjølvstendig stat, slik dei fleste andre land gjorde etter 2008. Forholdet til Serbia er berre eitt av mange utfordringar regjeringa i Pristina må hanskast med. Korrupsjon, fattigdom, kriminalitet og vald, er blant forhold som ikkje akkurat gir eit opptimistisk bilde av Kosovo.

Dette får vi vite meir om på slutten av dagen, i møte med norske Jan Braathu, leiar for beredskapslaget til OSSE i Kosovo og  er denne dagen oppteken med gjennomføringa av Serbia-valet for den serbiske befolkninga i landet. Den serbiske minoriteten i Kosovo har stemmerett ved val i Serbia.

Val er konfliktfylt, her er døme på kor vanskeleg demokratiske prosessar kan vere. Braathu fortel mellom anna om faren for sabotasje av valet og har fleire døme på hendingar, som set utfordringane i perspektiv for oss. Han forklarar samfunnet, politiske strukturar og haldningar på ein måte som for alvor viser kor langt frå norsk virkelighet vi er.

kosovo7

Jan Braathu (i midten) har vore ambassadør i Bosnia-Herzegovina, Albania og Kosovo. Her i dialog med Enver Djuliman og medstudent, etter ein svært lærerik forelesning.

I skrivande stund er det natt i Skopje, der vi no er, etter å ha kryssa grensa til Makedonia som vi skal bli meir kjent med i morgon.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s