-Veit aldri kva morgondagen kan bringe

makedonia1

På besøk hos Commitee for human rights of the republic of  Macedonia. Her er leiar Gordan Kalajdziev til høgre, og medarbeiderane Voislav Stojanovski og Elena Brmbeska i bakgrunnen

-Vi har ikkje regjering for øyeblikket, den sitjande regjeringa nekta å godta resultatet ved sist val.  No veit vi ikkje kva som skjer. «Nobody knows what will happen tomorrow», seier Gordan Kalandziev, i Helsinkikomiteen for menneskerettar i Makedonia.

Vi møter han og fleire tilsette på hovudkontoret i Skopje, hovudstaden i Makedonia. Huset deler dei med organisasjonen LGBT (lesbian, gay, bisexual, transgender), som ivaretek rettane til seksuelle minoritetar i landet.

Makedonia er einaste landet på Balkan som ikkje var involvert i krigen på 90-talet som oppløyste Jugoslavia. For dei vel 2 millionar innbyggerane i landet betyr nok det mindre bitterheit og sår, enn det nabolanda stevar med å lege. Men Makedonia, eller Former Yugoslavian republic (FYR) of Macedonia, som republikken formelt må heite, har sine utfordringar likevel. Veit du forresten kvifor landet har dette lange namnet? Det er fordi Hellas, som dei grensar til i sør, ikkje godtar Makedonia, som også er namnet på ein provins i Hellas.

Helsingforskomiteen jobbar for menneskerettar i ulike land ved å etterforske antatte brot på menneskerettar. Mellom anna har det blitt avdekka brot på juridiske reglar som tid og saksgang ved rettssaker. Styresmaktene i Makedonia er ikkje positive til dette arbeidet, fortel våre vertar.

-Dei som har makt her forstår ikkje demokratiske spelereglar. Det er oppretta nye institusjonar som skal ivareta oppgåver i samfunnet, men dei fungerer ikkje for folket.

Ord som korrupsjon, kriminalitet og mafia blir nemnt. NGO-ar har generelt problem med ytringsfridom og gjennomføring av arbeidet sitt. Det blir lagt hindringar i vegen, som stadige politikontrollar, med angivelig sjekk av rekneskap. Nabo og samarbeidspart, organisasjonen LHBT, som også jobbar for sårbare minoritetsgrupper, har vore utsett for åtak fleire gonger. – Dette er eit land med mykje homofobi, opplyser vårt vertskap. Dei fortel også at hatkriminalitet knytt til etniske motsetningar, er ei utfordring. Organisasjonen jobbar i tillegg med å kontrollere forholda i fengsel, hjelpe romfolket som marginal gruppe og avdekke diskriminering.

Flyktningkrisa råka Makedonia for alvor i 2014, då tusenvis av menneske nærma seg grensa frå Hellas. Vi møter to engasjerte unge medarbeiderar, som har jobba særskilt med flyktningar. Juridisk rådgjevar Voislav Stjanovoski og researcher Elena Brmbeska skildrar situasjonen før og etter mars 2016, tidspunktet då EU og Tyrkia kom fram til ein avtale som i praksis stengte fluktruta frå Hellas til Europa.

makedonia2

Voislav og Elena jobbar for menneskerettar i Makedonia.

Dei fortel om overgrep mot flyktningane på grensa til Hellas og om dei vanskelege forholda i leirane i nord og sør. Angrep på flyktningar, brutal behandling frå politi og grensevakter, utnyttinga frå menneskehandlerar og mafia, er forhold menneskerettsorganisasjonen har avdekka. Det er grundig dokumentert, men ingen har blitt straffa for overgrepa. Paradokset er at det finnes ikkje eit einaste døme på det motsette, at flyktningar har gått til angrep på lokalbefolkning eller andre, sjølv om den politiske retorikken er å skape frykt for at nettopp det kan skje. I Makedonia som i andre land, og ikkje berre på Balkan…

 

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s