Mediasilence

Kvifor let media vere å omtale noko så viktig som rettsaker og dommar mot krigsforbryterar? Og kvifor veit folk i Serbia så lite om «dei andre» si historie om krigen?

beograd1

Court of War crimes crimes in Serbia

Det siste som skjedde i går kveld, var ein stor demonstrasjon mot valet i Serbia som vart gjennomført på søndag.  Vår siste forelesning for dagen vart avbrutt av taktfaste, høge rop frå gata, med fleire hundre menneske på veg gjennom gatene i Beograd, mange var unge folk som ikkje vil ha den valgte presidenten.

Men, det var ingenting i serbiske media i dag om demonstrasjonen. Teamet mediedekning kom også opp då vi besøkte Office for War Crimes in Serbia, der vi fekk vite eindel om korleis domstolen har arbeidd med rettssaker etter krigane i tidlegare Jugoslavia. Eg fekk opplyst at dei har hatt kring 200 rettssaker, 30 personar er blitt dømde for krigsforbrytelsar, 70 saker pågår fortsatt. Kva som gjeld dei øvrige sakene fekk eg ikkje klarheit i. Kv gjeld pressefrisom og uavhengige medier, har eg truffe fleire som seier at mediene her er kontrollerte.

beograd3

Serbiske aviser, dagen etter valet. Putin på framsida av ei avis, presidentval vinnaren i Serbia i den andre avisa.

I det heile er det mange ubesvarte spørsmål, det blir faktisk berre fleire spørsmål dess fleire partar og instansar ein møter her nede. Ein av dei eg møtte i dag brukte uttrykket «mediasilence», då eg spurte korleis serbiske media dekker desse rettssakene. Inntrykket mitt er at det serbiske folk i liten grad får vite om kva som faktisk skjedde for 20-25 år sidan, i alle fall kva gjeld serbiske krigsforbrytelsar.
Riktignok var media tilstades utanfor rettssalen denne dagen, men det gjaldt ei sak om organisert kriminalitet.

beograd4

Ovaralt har eg sett svære skilt og banner av denne mannen, Aleksander Vucic, som vann presidentvalet søndag.

beograd2

Planlagt lokalsamfunn for serberar i den nordlege delen av Kosovo.

Vi besøkte også Office for Kosovo og Metohija, Government of Repulik of Serbia. Serbia anerkjenner som kjent ikkje Kosovo som eigen stat. Mandatet til dette kontoret er å støtte dei serberar som er busette i Kosovo. Her ser dei på serberane i Kosovo som sårbare folk fordi majoritetsbefolkninga styrer landet no. I Beograd er ein opptatt av å gjere livet betre for den serbiske minoriteten og meiner det inneber fortsatt separasjon, eigne «communites» for serberane. Bustadprosjektet «Sun valley» er ein visjon for å oppnå dette, i ein enklave for serberar i Kosovo.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s