Tårer for Srebrenica

Eg gret i dag, det er ikkje mogleg å la vere i Srebrenica.

srebrenica1

Dei som er funne i massegravene har fått gravplass her. På gravstøttene står det namn, fødselsår og det same dødsår på alle – 1995. Nokre inskripsjonar fortel oss at her ligg ein gut fødd på 1980-talet.

Kjelder om det som skjedde her:
Flyktninghjelpen om massakren i Srebrenica (flyktninghjelpen.no)
Meir om krigen og massakren i Srebrenica (wikipedia)
Vi må ikke glemme… (vg.no).

 

2017
I dag såg eg Srebrenica, 22 år etter krigen, massakren, folkemordet. Eg såg for meg kva som skjedde her i juli 1995. Det kan alle som kjem hit gjere. Berre sjå på dei 6500 gravstøttene og tenk deg at det er menn, unge gutar, ja born også, som står der, i staden for dei kvite steinane. Og så kan du tenke deg at er kring 2000 fleire gravstøtter som skal opp. Det er talet på dei sakna som ikkje er funne enno. 22 år etter krigen i Bosnia.
I tillegg til at eg såg for meg det som skjedde i Srebrenica, -alle som som var 15 år eller meir i 1995 såg det same som meg på nyheitene og vi veit det, men i tillegg veit vi alle også kva som skjer no, i Syria. Kjenner du også at det gjer vondt?

srebrenica2

Namna på menneska, gutar, brødre, søner, fedre, søskenbarn, onklar, kjærestar, vener, naboar. Over 8000 menneske i massegraver til saman, med alle som er funne levningar av, og dei som enno ikkje er funne (kring 2000 er fortsatt sakna).

Som journaliststudent tidleg på 90-talet (mellom anna med den utmerka forelesaren Sven Egil Omdal) lærte eg at journalistikk handlar ikkje om meg, men om kjeldene. Det er dei som skal vere synlege det er dei som skal gje saka ansikt, det er dei som er interessante. Eg lærte å ikkje skrive «eg», redigere bort spørsmåla mine, og la dei interessante svara stå att. Vere usynleg journalist, aldri subjektiv. Og eg er heilt enig.

Når eg no vel å bruke meg sjølv og kanskje blir litt meir personleg enn både du og eg er van med, er det fordi det er det einaste eg kan gjere no i kveld. For eg klarer ikkje å yte rettferd til dei vi har møtt i dag, orda mine strekk ikkje til. Men formidling er mi forbanna plikt uansett.

1995
Året 1995 fekk eg mitt første barn og eg gifta meg. I byrjinga av juli 1995 leika eg med den nyfødde sonen min, den førstefødde, han var eit halvt år gammal i juli det året. Eg hadde så meir enn nok med det. Han var så vakker og så perfekt, den vesle prinsen min. Men på kvelden såg eg Dagsrevyen, eller TV2 nyheitene, på utviklinga i verda. Eg hugsar at det gjekk kaldt igjennom meg når eg såg kva verd eg hadde fødd barnet mitt inn i. For det var i mitt Europa, ikkje så langt unna, berre ei flyreise på nokre få timar, i det Jugoslavia som eg hadde besøkt nokre få år tidlegare, skjedde det noko forferdeleg med den muslimske befolkninga. Eg hadde ikkje lært på barne- og ungdomsskulen at Europa hadde ein muslimsk minoritet, men då eg tok sosialantropologi på Blindern åra 1988-91 stod folkegrupper på Balkan på pensumlista. Ein av våre forelesarar gjorde oss studentane merksame på at det kokte på Balkan på slutten av 1980-talet, eg trur han sa at det var fare for at noko kunne skje, at dei etniske konfliktane på Balkan var som ein trykkokar. Han var nok ein klok mann, som såg det kome, for nokre få år etter kokte det over.

Den 5. april 2017
Vi møtte tre vitner i dag, ei dotter som miste far sin, ei mor som miste sønene sine og ein mann som overlevde massedrapa i Srebrenica. Trass i at språk er det eg kan best og formidling er mitt fag, maktar eg ikkje gje att kva dei fortalte. Eg kjem aldri til å kunne yte dei rettferd med mine enkle ord og frå den verkelegheita eg er i. Men det eg kan seie er at menneske som kan leve vidare med det dei såg og opplevde, det som hende på heimstaden, klarer å leve med serberar som naboar, på staden deira aller kjæraste vart torturert og drept – og i tillegg stå foran oss og fortelje om det, dei er så sterke at det er ikkje til å forstå.

srebrenica5

Han var 17 år i 1995, og vart saman med alle menn og gutar skilt frå kvinnene, innesperra, torturert og skoten – men overlevde Srebenica. Mannen til høgre er tolk, dei som sit og lyttar er politikarar frå England. Denne stunda var noko eg aldri vil gløyme og er evig takksam for at han delte historia med oss som var der.

Du svarte kanskje ja på spørsmålet mitt om det gjer vondt, å bli påmint dette, eller å sjå bileta frå Syria, eller flyktningleirar? Og så har du kanskje eit motspørsmål; kva kan eg gjere? Det er lett. Du og eg – og alle som skaffar seg kunnskap, vi kan og skal gjere noko. Vi skal snakke, diskutere, ta til motmæle, protestere. Vi skal formidle og vi skal velje. Vi skal alt anna enn å snu ryggen til og tru at vi kan ingenting gjere. For då har vi tapt. Då har vi berre skamma igjen, i ettertid.

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget