Eit delt land og internasjonalt ansvar

Sarajevo, Bosnia-Herzegovina: Det var aldri meininga at Dayton-avtalen skulle bli ei varig løysing. Men meir enn 20 år etter at den midlertidige avtalen vart inngått, dreier det seg fortsatt om eit delt samfunn i Bosnia-Herzegovina.

sarajevo6

Møte med Bruce Berton, Principal Deputy High Representative, Office of High Representative for Bosnia-Herzegovina.

Landet har to delstatar, Republicka Srpska og Føderasjonen Bosnia-Herzegovina. I tillegg til delstatane, er det sjølvstyrte Brcko-distriktet. Sjå kart.
I Republicka Srpska dominerar den serbiske befolkninga, i Føderasjonen er bosniaker i fleirtal. Folkegrupper er hovudsakleg serberar, kroatar og bosniaker (slaviske muslimar). Inndelingen av landet er sidan 1995 i ein serbisk del og ein kroatisk-bosniakisk del.

Kvifor er dette eit problem?
Dayton-avtalen i 1995 satt landet under internasjonal militær og politisk-administrativ kontroll. Landet har siden vært preget av ulmende politiske spenninger og manglende økonomisk utvikling. Landet har mottatt massiv bistand siden 1995, og sliter med mange av bistandens bivirkninger, som passivisering og akselerert korrupsjon. (Store norske leksikon).
Landa på Balkan er ulike på mange måtar, men har også klare fellestrekk, som ser ut til å handle om å vedlikehalde etniske skiller. Politisk styring blir deretter. Ideologi og visjonar for framtida ser ut til å mangle. Men landet ønsker medlemskap i EU.

 

Sarajevo
I dag, 6. april, er ein spesiell dag. Beleiringa av Sarajevo starta denne dagen for 25 år sidan. Ein mørk dag i Europa si historie, men likevel noko som må huskast og markerast her nede. Vi spaserer langs elva og ser oppover åssidene. Sarajevo ligg så fint til innramma av åskammar. Men for tjue år sidan var byen omringa av snikskytterar og millitære. Byen var beleira i tre-fire år. Underleg å tenke på at dei fredelege gatene som vi gjekk i dag, var arena for dei verste mareritt for berre to tiår sidan.
Sjå NRK medieklipp. frå denne perioden.

sarajevo4

Det estetiske og moderne Sarajevo.

sarajevo2

Det bor folk i falleferdig hus nærast elva, det ryk frå ei pipe.

 

Dayton-avtalen
For dei som ikkje kjenner til avtalen som vart inngått, her er ei kort forklaring:

«Daytonavtalen fra 1995 avsluttet den tre og et halv år gamle Bosnia-krigen. Avtalen utgjør rettsgrunnlaget for dagens Bosnia-Hercegovina. Avtalens parter var den daværende føderale republikken Jugoslavia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Forhandlingene om avtalen ble ført i Dayton, Ohio, USA fra 1. til 21. november 1995. Daytonavtalen ble underskrevet i Paris 14. desember 1995, i nærvær av USA, Russland, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og EU.» (wikipedia)

Office of High Representative for Bosnia-Herzegovina kontrollerar oppfyllinga av Dayton-avtalen.
-Utdanningssystemet, partisystemet etter etniske skiller, helse og korrupsjon gjer framskritt svært vanskeleg, forklarer Bruce Berton, under vårt besøk torsdag hos Office of High Representative for Bosnia-Herzegovina.
-Dayton-avtalen stoppa konflikten og skulle fungere midlertidig, ingen hadde trudd at det 22 år etter fortsatt skulle gjelde som konstitusjon i Bosnia-Herzegovina, oppsummerar Bruce Berton.

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s