Eit urettferdig utdanningssystem

DSC_038120 år gamle Maria studerer økonomi på det kroatiske unversitet i Mostar. Ho jobbar hardt for å få gode resultat. Men på arbeidsmarknaden er det ikkje sikkert karakterane hennar betyr noko som helst.

Vi møter Maria og medstudentar etter forelsning på cafe i campusområdet i Mostar.  Ho er andreårsstudent på økonomistudiet og fortel oss at ho jobbar hardt med studiene. Ho har ikkje anledning å jobbe ved sidan av, det er for mykje oppgåver og pensum å lese på. Uansett er det lite sannsynleg at ho hadde funne noko jobb. Sjølv om Maria er myndig er ho avhengig av at foreldra betaler utdanninga. Og når ho skal finne seg jobb avhenger mykje av kven foreldra er, kvar dei jobbar og nettverket dei har. Innsatsen til Maria kan vere bortkasta, då ho fort kan bli utkonkurrert av ein dårlegare og mindre ambisiøs medstudent med foreldre som jobbar i det offentlege, politisk parti, eller kjenner dei rette folka. Studentar som går på private skular kan også gå foran i køen.

DSC_0377

Lars Petter Soltvedt held gjesteforelesning om menneskerettar på Universitetet i Mostar

DSC_0383

Etter forelsning går vi på cafe saman med dei hyggelige og studentane.

I løpet av veka på Balkan har vi høyrt fleire fortelje om eit skulesystem basert på segregering av etniske folkegrupper, med eigne skular, eller delte skular. Vi har også høyrt at elevane får ulik undervisning, ikkje minst i historie. Lærarane er ein del av det urettfedige systemet og på universiteta bidreg forelesarar og professorar til å oppretthalde skillelinjer mellom dei unge frå ulike folkegrupper.

Vil helst bu her
Arbeidsløysa i Bosnia-Herzegovina er på kring 40%. Å få jobb innan det offentlege blir sett på som best (flest arbeidsplassar), men du må kjenne nokon som hjelper deg dit. Maria ser ikkje lyst på eiga framtid i Herzegovina, men det er her ho helst vil bli. Mange unge forlet landet. og Tyskland er dit dei fleste reiser. Maria har vore på ferie i Tyskland og kunne også tenkt seg å studere der, men ikkje busette seg. Ho reagerte på at folk i Tyskland verka kalde. Maria fortel at ho såg ei eldre dame falle om på gata, men ingen stoppa og hjalp henne. Slikt er ho ikkje van med.
– Her helser alle på kvarandre og vi hjelper kvarandre, sjølv om vi har det vanskeleg, forklarar ho og legg til at ho trur det har med religion å gjere.

Vi snakkar også litt om forholdet mellom dei ulike folkegruppene. Som kroat går ho på skulen for kroatar, men ho har bosniske venner også. Krigen er fortsatt nær i tid og generasjonane som har opplevd krigen treng mer tid, trur Maria. Å klare å endre samfunnet og det politiske systemet, trur ho kanskje vil ta ein generasjon til.

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s