Der etnisitet ikkje har betydning

Heldigvis har vi på vår veg gjennom Balkan også møtt nokre som jobbar for fleirkulturelt samvær mellom dei etniske gruppene.

Blagaj

Adnan Djuliman

Det er godt å oppleve, etter så mykje fokus på etniske konfliktar, segregering og mistru mellom folkegrupper på Balkan, å møte nokon som legg til rette for inkludering. Leiaren for parken «Eko centar Blagaj», Adnan Djuliman, er ein av dei. Vi treff han i naturskjønne Blagaj, ein liten oase sør for Mostar.

 

Blagaj1Dette er ein stad for meditasjon og oppleving. Dalen går over i ein canyon, elva renn mellom høge bergveggar som gir skygge og ein sval atmosfære. Ved elva ligg også ein populær restaurant og eit vakkert kloster – og like i nærleiken ein aktivitetspark for barn. Han som driv parken har framtidstru og tiltakslyst. Han utfordrar segregeringa i lokalsamfunnet med å tilby ein møtestad for alle barn, på tvers av folkegrupper.
Blagay3

Den entusiastiske leiaren har bygd opp eit område der ein også tek vare på naturen rundt. Han har fått midlar til eit program som skal få gribb tilbake i faunaen.

Men tilbake til dei leikande ungane. Barn av kroatar, bosniakker, serberar og alle andre, kan møtast og ha det kjekt i lag, med aktivetar som klatring og eselriding. Etnisk bakgrunn har ingenting å seie.Blagay5

Parken har også ein via ferrata og tilbyr guida fjellturar for turistar.

Dette er ein mann som tenker nytt og satsar, men han er også realistisk etter å ha møtt mykje motstand. Reaksjonane i nærmiljøet gir likevel grunn til optimisme.
Adnan Djuliman fortel oss at gradvis begynner skulane å la klassar reise hit, og foreldra blir litt etter kvart også meir positive til den multikulturelle møtestaden, når barna kjem heim og fortel om alt det kjekke dei har opplevd i lag med andre.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s