Stolac – etnisk delt skule og samfunn

På denne skulen går dei kroatiske elevane opp stien på framsida og brukar hovudinngangen. Dei bosniske elevane derimot, har ikkje lov å gå her, dei skal inn ei anna dør på baksida av skulebygningen. Dei unge går på same skule, men til ulike tider og med ulike lærarar og faginnhald.

stolac1

Skulen i Stolac deler elevane etter etnisitet. Foto: Gunn Marit Oleivsgard

Under samme tak, men elevene går i etnisk delte skift (Aftenposten).

-Kanskje den siste plassen der det blir praktisert apartheid, seier Nerin Dizdar. Den engasjerte lokalpolitikaren i småbyen Stolac er svært kritisk til ikkje berre skulesystemet, men måten byen blir styrt i det heile. Han kjem med ei rekke eksempel på korleis bosniakkane (muslimar) har blitt ydmyka av kroatane (katolikkar) gjennom fleire tiår.

stolac

Stolac i Herzegovina ligg ein liten times køyretur sør for Mostar. Med utsikt frå borga på høgda over byen, ser det fint og fredeleg ut der nede. Men i gatene og mellom husa har det skjedd mykje som har skapt vondt blod og bitterheit mellom folk under og etter krigen frå 1992 – 1995.
Dizdar fortel at bosniakkar vart ydmyka på mange vis i denne byen. Mellom anna dreier det seg om ødelagte moskear konfiskering av bosnisk jord og eigedom som vart tatt i bruk til nye formål, triumferande reising av symbol på kroatisk dominans, som kross og kroatisk flagg (Stolac ligg i Bosnia Herzegovina). Spesielt før dei bosniske flyktningane returnerte tidleg på 2000-talet, i følge Nerin Dizdar.

Det er ingen tvil om at kroatane har foretatt systematisk ødelegging av kulturarv under krigen, mellom anna i Stolac. Her er eit utdrag frå magasinet til Den norske Helsingforskomiteen:

stolac2

Nerin Dizdar

 I Stolac ble menneskene drevet på flukt, mens minnet om dem ble visket ut. I flere hundre år levde innbyggerne i den lille byen fredelig side om side. Bosniakker utgjorde den største delen av befolkningen, ved siden av kroater, serbere og andre. De tilhørte ulike religioner, men muslimer, kristne og jøder klarte å skape et lokalsamfunn preget av respekt og toleranse. På grunn av sine mange monumenter og vakre, gamle bygninger var Stolac i ferd med å bli inkludert på UNESCOs liste over verdens viktigste kulturarv. 1993 ble et vendepunkt i historien. Bosniske serberne med støtte fra Serbia hadde allerede herjet Bosnia en stund med sin nasjonalistiske Stor-Serbia politikk. Bosniakker og bosniske kroater hadde hittil stått sammen mot dem. I juli 1993 gjorde kroatiske styrker helomvending, okkuperte sørlige deler av Bosnia og fordrev alle muslimske bosniakker. Senere har det blitt kjent at den kroatiske presidenten Franjo Tudman allerede i 1991 hadde planer om å opprette en kroatisk stat i Bosnia. I Stolac ble kulturelle og religiøse monumenter ødelagt, moskeer jevnet med jorden, mens kroatiske hus og kafeer ble bygget på ruinene av verneverdige muslimske bygninger. Monumenter uten muslimsk særpreg fikk derimot stå i fred, og på plasser der drap og overgrep hadde funnet sted, bygget kroatiske nasjonalister kristne kors i betong. » (Menneskerettsmagasinet, 2004)

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s