Dannelsesreisa varer lenger

Nokre gonger tar det tid å lande, som denne gongen. Siste dagane i Bosnia Herzegovina sit enno i kroppen.

Alle i Blagaj

Delegasjonen frå Høgskole i Sør-Øst på studiet Menneskerettigheter, flerkulturell forståelse og konflikthåndtering. Den sosiale sida av studieturar er sjølvsagt viktig (Foto: Gabrielle Bertrand)

Eg har også tidlegare karakterisert studieturen som ei dannelsesreise, fordi slike reiser handlar mykje om å utfordre seg sjølv i møte med menneske, i det ta til seg kunnskap og ved større innleving i «livet der». Det som blir opplevd og erfart blir personlig. Heretter vil alltid Balkan betyr meir for meg enn før, og spesielt Bosnia Herzegovina. Studeturen er ikkje heilt det same som ein ferietur for fornøyelse og avkopling, mildt sagt. Ein går djupare inn – og ned –  i samfunnet. Difor sit det også lenger i kroppen.

Eg har kanskje ikkje fortalt kor vakkert det er på Balkan?
Særlig fjellandskapet mellom Sarajevo og Mostar, med djupe dalar og snødekte toppar, som minner om Vestlandet.
Også gjennom eit bussvindu blir det ein  visuell fest å reise gjennom dette landskapet. Og kva meir sansar ein for første gong? Overgangen i temperatur og natur etter tunnelen sør for Sarajevo, nærast som til ei ny klimasone med varmande sol og anna vegetasjon. Vakre Mostar, med kulturarv i hus, bruer og moskèar. Stolac med sitt ødelagte samhald i lokalsamfunnet. Minner etter gammal sivilisasjon i gravstøtter på ei slette, der det har budd andre folkeslag tusenvis av år sidan. Kjølig langt inne i ei sju kilometer lang grotte. Den rolege stemninga i det muslimske huset i Blagaj.

Alt dette vakre, opplevingar og møter, gir tankar og refleksjonar som tar tid å bearbeide.

Og kva med ny lærdom? Fredeleg sameksistens fungerte før. Før krigen. Ei katolsk kyrkje, ein synagoge og ein moskè i gåavstand i Sarajevo. Guiden fortel om ein by med respekt for ulike religionar mellom folket og stoltheit over kulturarv og historie, før krigen. Han viser oss eit punkt i gata der austleg og vestleg innflytelse møtes. Rettar du blikket i eine retninga ser du den byggestilen som kom medan landet var ein del av Østerrike-Ungarn, i andre retninga er det eit miljø prega av den Ottomanske perioden.

Men det er også avtrykket i asfalten midt i byen, kalla «Sarajevo rose», etter sprengde granatar og menneskeblod (no maling). Tid for ettertanke.

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s