Under overflata

Det er rart korleis ein i møter med vanlige folk, på alle reiser eg har vore, i alle land, berre møter dei vennlige og gjestfrie. 

DSC_0384

Eit fint møte med kroatiske studentar i Mostar.

 

Det blir sjølvsagt slik når du opplever landet ei kort tid, ni dager er ingenting, sjølv om vi hadde tett program og gode forelesarar og sånn sett fekk innsikt. Og som turist oppdager du som regel enno mindre. I tillegg aukar avstanden dag for dag, i tid og stad. Men eg har ikkje tenkt å gløyme. Eg er fortsatt svolten på Balkan, må finne ut meir, og etter eit kjapt nettsøk, sit eg og ser på Leo Ajkic sin forrige serie (før Flukt), som handlar om store festar rundt om i verden. For alle oss som er fascinert over Bosnia-Herzegovina og kanskje spesielt Mostar, her er ein smakebit – og ja, meir om nasjonalisme etterpå, la oss ta moroa først 🙂

Balkanfest (Mostar frå klipp 4)

Leo i Mostar

Leo i heimbyen Mostar.

Her kan du lese meir om Guca-festivalen i Serbia, der serberane mellom anna sel t-skjorter med serbiske krigsheltar. Altså dei som internasjonale domstolar har dømt for folkemord! Som motiv på t-skjorter og luer….
Men Leo og teamet også intervjuar dei kule folka på festivalen, dei som berre vil feste og gløyme det vonde som var.

Fedrelandsdyrking eller framandhat?
Som alltid når ein kommuniserar om kontroversielle tema, bør ein klargjere kva omgrep ein brukar og kva dei betyr. Unngå det mange av oss gjer seg skuld i ganske ofte, nemleg å blande viktige omgrep, som nasjonalisme, patriotisme og fedrelandskjærleik. For dei betyr ikkje det same, det er ulike nyansar og grader av pluss og minus.
Men eg har problem med å setje ord på hatretorikk kopla med nasjonalpatriotiske argument, på ein fornuftig måte. Folk som gir inntrykk av å elske fedrelandet sitt, men produserar hat med orda sine, og kanskje handlingar, også for det eg veit. Her er eit innlegg frå ein som held ut ei stund i facebookgruppa «Fedrelandet først». Dette er nordmenn, dette er folk som sit her i nærleiken av oss, kanskje i nabohuset og skriv slike ting. Og det er berre trist. For det kan umulig handle om å vere stolt av Norge.
Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, Sylvi Listhaug er den store frelsaren

 

Nasjonalisme
Så det er visst mange der ute som heller vil lukke, enn opne opp, for andre og særskilt dei som er ulike «oss». Som er redd migrantane, redd for det fleirkulturelle, påståtte/frykta endringar i eigen kultur og tap av fellesgoder, viss vi blir fleire.
Nasjonalismen i Europa er på frammarsj, blir det sagt. Vi høyrde eindel om det på Balkan, men det var ikkje så lett å få auge på. Strenge grensevakter, javel, men det kan også relaterast til arven frå ei meir anspent tid mellom blokker i Europa, respekt for nasjonale grenser og den nedarva autoriteten til voktarane av grensene.

DSC_0207

På grensa mellom Makedonia og Serbia

Kristin Clemet frå tenketanken Civita skriv i kommentar at sjølv om det er aukande oppslutning om nasjonalistiske, høgrepopulistisk eller nasjonalkonservative parti, er det viktig å sjå skilnadane mellom partia i ulike land, og å ta folket som stemmer på dei, på alvor.

«Når for eksempel Marine le Pen fra Front National er i ferd med å bli en realistisk presidentkandidat i Frankrike, tror jeg det, enkelt sagt, skyldes to forhold: Det eksisterer en reell frykt, bekymring og/eller motstand i befolkningen mot (reelle og innbilte) effekter av innvandring og delvis også av globaliseringen, samtidig som le Pen har «ufarliggjort» partiet sitt ved å flytte det inn mot sentrum.»

Ho peikar på eit utviklingstrekk i Europa, som ein gjerne kan reflektere litt over; anti-globalisering. I dette ligg mistru til internasjonalt samarbeid og samhandling. Proteksjonisme og sterk styrking (lukking?) av grensene til nasjonalstaten. Det motsette av EU, for å seie det litt enkelt.

I fjor på denne tid skreiv Terje Svabø at Usminka nasjonalisme utfordrar Europa, i Aftenposten. Innlegget er nok ikkje mindre, men heller meir aktuelt i år. Han tar utgangspunkt i valresultatet i Slovakia der eit reindyrka nynasistisk parti fekk 8% av stemmene i fjor. Og viser til liknande forhold i ei rekke sentral-europeiske land.

Globalisering
Motstand mot EU og anti-globalisering er trekk ved fleire av dei nasjonalistiske partia i Europa, slik eg har forstått det.
Eg trur at globalisering er ei drivkraft, som (heldigvis) ikkje lar seg styre, eller stoppe. Hverken politisk, eller på andre måtar, når verda er blitt opnare og meir tilgjengeleg, når kunnskap spres og menneske møtast. Fysisk eller digitalt, over landgrenser og store avstandar. For meg gir globalisering nesten utelukkande positive konnotasjonar, om deling, utveksling, samarbeid, innsikt, kunnskap, kultur og oppleving. Altså ingen trussel, men berikelse.
Men så er eg ein av dei som trur at om du er trygg på deg sjølv og ditt eige, møter du andre med eit ope sinn.

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s