Eksamenstid

papirbredden

Høgskolen i Sørøst-Norge der eg tek faget Menneskerettar, flerkulturell forståelse og konflikthåndtering.

Det er snart eksamenstid, for elevane mine – og meg. Kan læraren bli ein betre pedagog når ho er i same situasjon som elevane?

Eksamensperioden for mitt studie startar i morgon. Eg er altså i same situasjon som elevane eg underviser. Og eg får nok litt meir forståinga for elevane sin situasjon når eg sjølv kjenner presset.

Innleving er altså ein positiv effekt, men det viktigaste er at læraren jamnleg skaffer seg ny kunnskap og kompetanse. I mine undervisningsfag, som er media, er det ei stor utvikling og ein må henge med på raske skiftingar i teknologi, medieinnhald og bransje. Behov for fornying og fagleg påfyll gjeld nok mange fag og uansett kva elevar ein har og trinn ein underviser på. Ikkje berre er kompetanseheving viktig for å undervise betre, men å lære er i seg sjølv motiverande og inspirerande. Livslang læring er ikkje berre eit populært pedagogosk omgrep og ideal, men også ei instilling og haldning til å stadig utvikle seg i jobben – og privat.

studieavslutning1

Studieleiar Lars Petter i samtale med forelesar Sylo Taraku, som har skrive boka «Innvandringsrealisme»

Det er alltid krevjande med noko nytt og uprøvd, som det å vere student i godt vaksen alder, i eit nytt miljø og langt unna. Eg har erfart (igjen) at ein ofte må presse seg sjølv litt ekstra for å ikkje gje opp om det buttar litt imot, som i ein tung oppoverbakke i starten. Mestringskjensla blir desto større når det begynner å rulle meir knirkefritt og raskt og det til og med kan bli litt moro.

Eit semester går fort. Vi har hatt tre helgesamlingar og ein studietur, som eg alt har skrive mykje om (sjå under). Når eksamen er fullført, er eg halvvegs i studiet, som er deltid over to år. Dei neste studieturane går til Rwanda og Israel/Midtøsten. Det er ingen tvil om at eg vil prioritere desse. Kvar studiet vil bringe meg elles, veit eg ikkje enno, men om ikkje anna får eg større forståing og kunnskap til å kunne undervise betre om både nasjonale og internasjonale forhold. Ja, og meir sympati med eksamenspressa studentar då. Unge og gamle 🙂

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s