Uvurderlig vurderingsfritt år

Eitt år utan karakterar og prestasjonspress. Eit år for modning og refleksjon.
Eg har besøkt folkehøgskulen SKAP i Mandal.

Mandal

Tidlegare Solborg hotell, som stod tomt i eindel år, har blitt folkehøgskule og huser no kreative ungdommar frå heile landet.

Det kviler ei avslappa atmosfære over fellesromma og ingen ser ut til å ha det travelt, eller for den del ha særleg mange planar i det heile.
SKAP er ein heilt ny folkehøgskule i Mandal. Oppstartsåret går det 40 elevar på her, neste år er skulen fyllt opp med dobbelt så mange elevar. Det har kanskje ryktast at dei som er der i år, har hatt det godt? SKAP er dessutan ein kreativ skule, noko mange treng, etter år med teori. SKAP har linjene teknologi, media og leiing. Ein kan også velge friluftliv-gruppe og sjølvsagt er det studietur, i år gjekk den til New York.

Skulen har gjort seg bemerka, mellom anna i lokale media.

Mandal4.JPG

I resepsjonen heng positiv medieomtale av folkehøgskulen, og ein vittigper har redigert litt. Martin på biletet til venstre.

Ein tilfeldig besøkande får sjølvsagt eit overflatisk inntrykk og det er dessutan langhelg, men noko seier meg at den avslappa stemninga ikkje er uvanleg på vekedagar også. Befriande fritt for stress.


Temposkifte

Eg kjenner meg igjen. Det er meir enn 30 år sidan eg var der sjølv, men eg huskar tida. På Sogndal folkehøgskule tidleg på 80-talet. Der dagane glei roleg avgårde, utan at at ein måtte bevise eller levere noko særleg. Men det skjedde forskjellig, stadig vekk. Organiserte og planlagde aktivitetar og læring, og så plutseleg det spontane, ofte med eit snev av ungdommeleg galskap og pur virketrang.
Eg var ung, berre 16 år då eg begynte på folkehøgskule. Det var ikkje uvanleg den gong. I dag går dei fleste på folkehøgskule etter vidaregåande og er 19-20 år. Det trur eg er betre. Etter 13 år med skule, prestering, levering og ikkje minst vurdering, har ungdommane veldig godt av å berre få lov å vere seg sjølve. For uinnvidde i pedagogisk fagterminologi betyr «vurdering»; kommentarar – oftast såkalla undervegsvurdering til karakteren som vi set på prøver, tekstar og innleveringar. Kommentarane er gjerne det vi lærarar brukar mest tid på og utforme, og elevane minst tid på å lese – dei ser etter talet. Men på folkehøgskulen slepp både elevane og lærarane å vurdere kvarandre. I staden kan dei bruke tid på å finne seg sjølv, føre gode samtalar og lære av menneska rundt seg. For viktigaste karakter er den vi alle har i oss, – ikkje eit tal. Karakteren kan vi utvikle og bygge på heile livet og mange klarer det best når dei får ro og tid nok.

Miljøskifte
Sunt er det også å møte nye menneske som kanskje er heilt annleis enn dei vi kjende i det miljøet vi vaks opp i. For meg var det ein openberring å møte ungdommar frå heile landet på Sogndal folkehøgskule i 1982. Og dei var så ulike – og det var spennande! Eg kom frå ei lita bygd, der alle kjende alle og ein hadde si rolle og sin plass. Der ein vart plassert på barneskulen, blei ein verande gjennom heile barne- og ungdomsskulen. Tidvis var det ufritt å vere i ei rolle du kanskje ikkje var glad i. For meg vart det befriande å kome til ein ny stad der ingen kjende meg og eg kunne sjølv definere kven eg ville vere. Framleis sjenert, men eg vart modigare, lærte å utfordre meg sjølv.

Ein kan også oppleve det eg kallar «oppvakninga» på folkehøgskulen, om ikkje det har skjedd før. Oppvakninga er det tidspunktet i livet der ein går frå å vere passiv til å bli aktiv, frå å vere tilskodar til å bli aktør, ikkje på ei scene, men i sitt eige liv. Ein tar grep. Eit år på folkehøgskule kan vere inspirasjon, eller utløysande faktor. Og uansett om det skjer eller ikkje, har dei aller, aller fleste unge hatt eit godt år på folkehøgskulen.

Mandal har strender, turområder, fjell og svaberg å klatre i, løyper å sykle. Med andre ord ein god stad for friluftsliv.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s