Vekas «glas champagne»

Cafe og kor, guidar og møteplassar. Ein god del folk og organisasjonar i byen tar ansvar for eit fleirkulturelt fellesskap. 

Bildet: Frå siste cafetreff på Røde korsbygget, der vi pratar og nokre spela yatzy, med litt kaffimat til. Ope for alle. (Foto: Torunn Lucassen)

Røde kors arrangerar internasjonal cafe på Røde korshuset i Langebruvegen ein torsdag i månaden. Der er alle velkomne og det heile er uformelt og uforpliktande.

Førde har fått mange flyktningguidar siste åra, som hjelper til med språktrening og lokal tilknytning, for dei som har blitt busette i kommunen.
Røde kors, saman med Førde kyrkje og Førde kommune står bak Førde internasjonale kor. Det er sikkert fleire organisasjonar som har tilbod og aktivitetar også, men det er desse eg kjenner.

Koret vårt
«Vekas champagneglas» sa ein medkorist, om tysdagane på øving i Førde internasjonale kor. Og ja, det boblar enno, eit par timar etter at ein har kome heim frå korøving.

førde internasjonale kor

Minikonsert: Ein dag i adventstida i fjor var vi på Coop-en og song (foto: Jorunn Bakke Nydal)

«Førdes mest vellukka integreringstiltak» er også dekkande, det står eg inne for. Ei anna formulering er «Inkludering i praksis», eller kva med «Koret som opptrer meir enn det øver» – som jo også er litt morosamt og nesten sant. For vi er populære! Det har blitt mange konsertar.

Eg har vore borte frå øving ei stund i vår, på grunn av studier, reiser og møter. I kveld var eg tilbake i varmen. For Førde internasjonale kor er ein møtestad der alle er velkomen uansett songstemme. Det er ein stad å synge saman med andre og kjenne tilhøyre i Førde. Vi har det veldig kjekt på øvingar, konsertar og turar.

Variert repertoar
Koret syng songar frå ulike land i forskjellige sjangrar og stadig nye kjem til i songheftet.Nokre er ganske utfordrande, både i tonar og tekst. Ikkje minst for dei som ikkje har norsk som morsmål og skal lære tekst med nordnorske eller trønderske dialektord. Det er forresten utfordrande for norskspråklege og.
Akkurat no øver vi  mellom anna på «Hjertemedisin» av Tre små kinesere, «Riv i hjertet» av Sondre Justad, «Hymne» av Jacob Sande, «Vise for gærne jinter» av Alf Prøysen, ei afrikansk vuggevise, og mykje meir.
Nydelige «Riv i hertet» , låta til Sondre Justad i orginalversjon.

fane koretI Førde internasjonalt kor er det mange nasjonalitetar og folk har ulik religiøs bakgrunn og oppfatning. Men det er ikkje tema her i det heile tatt, ingen driv misjonering og ingen problematiserer kvar vi er og kva vi syng.
Og neste konsert er på bedehuset i Førde.
Du er velkommen!

På 17.mai går vi i tog under denne fana. Det blir kjekt, kanskje vi tar ein sang også?

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s