Prøve å la bilen stå?

Førde har fått bomring rundt sentrum. Folk klagar, men dei køyrer likevel.

Firda skriv om bilar som parkerar i hytt og pine i Hafstadparken.
Hafstadparken??? Det er jo like ved sentrum og det er ein stad for fysisk aktivitet og idrett. Eg tenkjer; kvifor ikkje gå eller sykle dit, -slik barna gjer?

Det har vore ein fin tørr vår. Ok, tidvis kaldt, men likevel, lite regn, tørt og fint til å sykle og gå til jobb. På min veg frå Vieåsen til sentrum treff eg eindel likesinna som går eller syklar, vi er begynt å kjenne kvarandre att og helser. Og smiler forsiktig, slik sunnfjordingar gjerne gjer. Det er hyggeleg, synes eg. I tillegg til trimmen, er morgonturen begynte å få eit aldri så lite snev av sosialt bifall. Men det er berre såvidt, for dei fleste køyrer til jobb fortsatt.

Alle veit at det er helsegevinst å hente, pengar å spare og miljø å verne. Alle veit at det handlar om å planlegge og time, så går det fint. Ja, no snakkar eg om oss som bur sentrumsnært, ikke de med mil og motbakkar. Men, dei som bur nett utanfor bomringen, (ja til og med nokon innanfor) og som framleis «må» køyre til jobb. Mange klagar på bomringen og ekstrautgifter. Men, dei køyrer likevel.

Ok, logistikk om morgonen er krevjande saker, eg huskar det frå då eg hadde mindre barn og det var mykje stress og fleire etappar før alle var kome på plass der dei skulle vere. Eg saknar ikkje den tida og eg har meir sympati med dykk enn med ho/han med vaksne barn og fin bil, som køyre åleine tre kilometer på jobb og aldri har tatt bybussen.

Før eg får halve Førde imot meg, eg tar også bilen av og til, når eg skal på møte i Førde etter jobb som varer utover kvelden, når eg skal handle inn meir enn eg klarar å bere oppatt i Vieåsen, eller når eg skal vidare ein eller anna plass, eller ja….er seint ute. Eg er ingen fundamentalist. Men eg tenker at, LITT fleire kan ha glede av å starte dagen med ein rask, frisk sykkeltur/gange til jobb i sentrum, og spart seg nokre passeringar i bomringen. Og skulle du finne på å prøve det, skal eg love å helse blidt på deg når vi passerar kvarandre 🙂

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s