Yoga – vanskeleg å forklare…

Nei, det er ikkje så vanskeleg å forklare kva yoga er, men kva det GJER…

Sogn og Fjordane turlag, i samarbeid med Førde Friskis&Svettis, arrangerte i helg yoga-samling på Fanøy. Det er tredje året denne utflukten er på programmet til turlaget og interessa har vore stor kvart år. I 2015 var vi på Skongsnes fyr i Nordfjord. I fjor var yogahelga på Fuglesteg i Luster og i år stod Sunnfjord for tur. Nitten damer frå ulike stader i fylket møttes på kaia i Florø og tok hurtigbåten i lag ut til Fanøy, der vi vart møtte av vertskapet til overnattingsstadane våre. Dei fleste av oss budde på Ishuset, bygd i 1936, nydeleg restaurert og fin overnattingsstad for ei middels stor gruppe.

På bileta øverst ser ein to sider av Ishuset og Fanøy.

Helga vart ei god opplevinga for oss som deltok. Alt stemte; båtturen ut, veret, innkvarteringa, treningane og ikkje minst selskapet. Fin gjeng!

Vi hadde fleire gode treningsøkter ute og inne, på desse to dagane. Instruktørar frå Friskis&Svettis er Gunn Karoline Fugle (yoga) og Randi Hove (middelstrening).

Så kva er det med yoga? Det har blitt veldig populært siste åra og mange treningssenter og enkeltpersonar tilbyr yoga. Til og med på vesle Fanøy, med berre 50 fastbuande, har dei eigne yogatimar, med Anne Marit Seljeseth som instruktør. Forøvrig er Fanøy eit vitalt øysamfunn, utifrå det vesle inntrykket ein kan få på eit så kort besøk.

Men yoga…. Det er noko med roen, varmen, tryggheita, respekten, indivdualisme i eit fellesskap, på ein måte. Det var kanskje den mentale og veldig subjektive opplevinga. Og så er det sjølvsagt det reint fysiske, med øvingane som gjer deg mjukare, smidigare, sterkare og stødigare. Balanse, konsentrasjon, pust, ro. Balsam for oss med høge skuldrar og mange punkt på huskelista. Og tilslutt: Namaste = eg hedrar deg og du hedrar meg. Kanskje ei mangelvare i det livet vi lever?

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s