Sit på toget mellom Otta og Trondheim, i skrivande stund på veg over Dovre. Eg har konsentrasjonsvanskar.
Det var fleire ting eg hadde tenkt å gjere på den togturen, lese bok, gå i restaurantvogna, og ja – skrive blogg. Men utsikten er så fin, det er det som gjer det vanskeleg å konsentrere seg. Eg har snike meg til ein vindusplass og vekselvis skriv og ser ut på det vakre landskapet som susar forbi.

Det er ikkje spesielt lett å ta gode mobilfoto frå tog i fart og med gjenskinn i vindusruta, men eg må berre prøve.
Det er så vakkert der ute og eg kjenner at no må eg snart tilbake dit, til fjella mine. Det har blitt altfor lite fjell siste året, både på ski og med fjellsko. Men, dei er evige og dei er så mange!
Det har på mange måtar vore ei festveke i Sogn og Fjordane. Medan eg sit her er det stor stemning i Sunnfjord med sykkelrittet Tour des fjords. I Loen var det storslagen opning av gondolbana til fjellet Hoven i helga. Begge stader kan dei feire suksess i smellvakre omgjevnader. Naturen gjer oss rike på Vestlandet, på meir enn ein måte.

Med utsikt mot Eggenipa. Nei, ikkje relevant i forhold til verken Dovre eller Loen, men smellvakkert, slik at til og med ei som har vakse opp i prospektkortnatur må stoppe å ta bilde. Og det er mange slike «sights» på Vestlandet, mange. Eggenipa kjem neppe til å få gondolbane.
Eg er medlem i Turistforeningen og står for det aller mest av det organisasjonen står for. Men på eitt punkt ser eg at eg skil lag med i alle fall nokre i Den norske turistforening, som reagerte på eit intervju frå opninga av Loen skylift. Saka.
Eg tykkjer nemleg utbygginga i Loen er heilt topp og eg er er heilt enig med dronninga, som uttalte at det gjerne kan byggast fleire gondolbaner. Og med mange trur eg ikkje ho meinte MANGE, men fleire. For hovudargumentet hennar var at då kan også dei som ikkje kan gå til fjells, få den same fantastiske opplevinga som du og eg får på toppen av eit fjell. For du veit at funksjonshemma og eldre elles ikkje vil kunne klare det, ikkje sant? Og kor mange hundre tilgjengelege fjell har vi eigentleg i dette landet? Som du og eg kan gå på i fred og ro, utan inngrep av noko slag, der det berre er ein T-merka sti eller vardar og lite sti, som gjer at vi føler oss som pionerar i fjellheimen.

Hit til Hogrenningsetra i Lodalen for eksempel, er det ikkje mange som finn vegen. Vi såg i boka og det er dei same namna som går igjen. Men heilt greitt det! Og under er utsikta innover mot Nesdal og Kjenndal, som har ei historie som må bli fortalt i eit blogginnlegg – ein annan gong.
Ja, det er mange slike fjell, ikkje sant? Så at nokre få utvalgte fjell, i dette vidstrakte landet blir tilrettelagt og tilgjengelege for dei som ikkje kjem seg opp dit på eigne bein, tykkjer eg er heilt rett og veldig bra!
Og for ordens skuld – eg går sjølv helst på stille stiar 🙂

Opninga av Loen skylift 20. mai samla mange glade og stolte nordfjordingar, til ein flott seremoni i perfekt ver.
You must be logged in to post a comment.