Les meir, døm mindre

Ein  må gjerne tru det finnes snarvegar til å ta standpunkt til innvandring.
Mi erfaring er at det berre finnes to vegar; kunnskap og involvering.

Sidan 1980-talet har eg vore oppteken av toleranse. Eg heldt mitt første, skjelvande innlegg om denne verdien, under ei lenge førebudd morgonsamling på Sogndal folkehøgskule i 1982. Då var eg ein sjenert 16-åring og motivasjonen for temaet var nok helst basert på eigenopplevingar. Eg ville bli sett, sjølv om eg var liten, og så tok eg med dei andre som var på sidelinja i same slengen. Eg hugsar at eg spelte av ei låt av Øystein Sunde på kassettspelaren etter dei orda eg hadde sagt, låta var noko aproposaktig, men mest for å setje ein piff på innlegget (ikkje spør meg kva låt, eg anar ikkje kva i Øystein Sunde sin rikhaldige låtproduksjon som kunne ha vore relevant til temaet toleranse). Eg hadde nok ikkje spesielt flyktningar i tankane den gongen, men nokre år seinare kom interressa for dei som er annerleis enn «oss», gjennom kulturstudiet sosialantropologi på Universitet i Oslo. Mellomfaget på Blindern var kanskje eit skritt på vegen mot journalistikkutdanninga som var målet, men på den tid vanskeleg å kome inn på. Men med eit halvt års backpacking i kombinasjon, eitt år som lærarvikar og eindel alderspoeng, kom eg inn der eg skulle lære og formidle. Men på vegen hadde eg noko kunnskap ispedd observasjonar av urfolk i outbacken i Australia og fattigdom på Java i Indonesia. Framleis overflatisk, men på ein måte la denne uforpliktande og søkande fasen i livet, eit grunnlag for meir forpliktande oppfølging seinare i livet. Det meste har ei meining, har det vist seg. Jorda rundt reisa starta i Jugoslavia i 1988, men i feil by av vermessig grunnar og medførte ei nattleg togreise mellom Zagrep, og Beograd, der vi skulle ta fly til New York, med Jugoslavian Airlines. På togperrongen var det ei rar stemning, der det eg opplevde som mengder av soldatar dukka opp i tåka (veret som hade hinda oss i å landet i Beograd). Austblokk, jernteppe, kommunismen, meir spennande enn skummelt, slik eg opplevde det. Reisa var igang.
Tilbake på Universitetet i Oslo. Kandidatoppgåva på mellomfaget titulerte eg «Bildet av oss og dei andre», det var i 1990-91. Der tok eg for meg medieoppslag i nokre utvalgte aviser over ein månad og «avdekka» tendensiøs journalistikk om innvandrarar, med fokus på alt det negative i eit fleirkulurelt samfunn (Oslo). Oppgåva var ei nokså overflatisk kvatitativt undersøking av nokre taboidaviser, og forskingsmessig med sterke avgrensingar. Men eg har tenkt på den tittelen mange gongar seinare, og undra meg over kor aktuelt temaet framleis er.

Innsikt på Harastølen 
Eg flytta vestover att. Kontakten med «dei andre» var sporadisk i mitt liv også, som dei fleste nordmenn. Men som lærarvikar eitt år på ein ungdomsskule i Hordaland underviste eg tre iranske søstre i engelsk og har vel aldri seinare hatt meir dedikerte elevar.
Ein av forelsarane på sosialantropologi i åra 1989-91 åtvara mot «trykkokaren» på Balkan, han sa at det kom til å koke over, fordi etniske grupper var sette opp mot kvarandre i denne delen av Europa. Og han fekk rett. Då eg vart mor til eldste son min, var OL-byen Sarajevo beleira og soldatar på åskammane som omslutta byen, terroriserte eit utarma folk i fire år. I Srebrenica hadde åtte tusen muslimske menn og smågutar blitt skilde frå kvinner, skotne ein etter ein og kasta i massegraver. FN og verdssamfunnet hadde svikta tryggleiken dei var blitt garanterte, der og andre stader i Bosnia. På det monumentale og ærværdige tidlegare tuberkulosesanatoriet Harastølen i Luster, lagde staten asylmottak for bosniske flyktningar. Men frisk luft i norsk fjellheim og isolasjon hjalp ikkje traumatiserte kringsflyktningar frå Balkan, og misnøyen nådde media. Ein storm av ilter norsk protest slo tilbake. Flyktningane var utakksame. Eg tenkte at på det eg hadde lært så langt og fekk det til å stemme, det var ikkje rart at dei vil vere ein annan stad enn på Haratølen og liknande mottak i einsemd. Nokre hadde ei teoretisk forståing av dette, slik som meg, andre ei praktisk, fordi dei kjende og snakka med dei det gjaldt. Der var ikkje eg enno då, kjende ikkje ein einaste flyktning på den tida.

Lokale muligheiter
Eg vart journalist og jobba nokre år i faget. I desse åra var det etablering, karriere og fasade som hadde fokus. Til fasaden sprakk og eg måtte reorientere meg i livet, i bruk ressursar, tid og krefter. Men kva muligheiter har ein med eit slumrande samfunnsengasjement  og litt meir tid åleine enn før?
I Sunnfjord hadde det blitt etablert eit asylmottak, på Jølster hotell og som alle andre på Vassenden var eg blitt engasjert i saka då det var diskusjonar om bruken av bygningen i media. Altså sterke meininga om saka, men ikkje nevneverdig kontakt med folka som etterkvart vart busette der. Vi såg dei, men involverte oss lite.  Sympatien for flyktningar var som det lenge hadde vore, men berre omsett i ord og på avstand. Så kom oppvakninga. Ei tragisk hending, som gjorde at eg bestemt meg for å involvere meg meir direkte. Gjere noko! Eg melde meg som flyktningguide og vart med i Røde kors (RK), vart kursa, fekk verv og oppgåver. I 2013 fekk eg delta i reise til Brcko i Bosnia-Herzegovina på samarbeidsmøte mellom RK-distrikta. Nore fleire brikker begynte å falle på plass i hovudet mitt, men mange bitar mangla enno.

Frivillig arbeid i Hellas 
Sommaren og hausten 2015 veks frustrasjonen i meg, medan eg les, høyrer og ser hjarteskjerande reportasjar om flyktningar som reiser over havet til Europa i gummibåtar. Syria blør, Afghanistan lir og har gjort det lenge, Midtausten er trykkokaren. Dødstala på havet stig. Eg må gjere noko! Kva kan eg gjere? Så finn eg Dråpen i havet på nettet i oktober-november og bestemmer meg raskt. Eg vil reise som frivillig til Hellas og bidra. Eg veit ikkje enno med kva og korleis, men eg kan nok klare å hjelpe dei som stig i land søkkvåte frå overlessa båtar, dei treng mat og klede. Og eg reiser jula 2015, til Chios. Resten har eg fortalt om til mange, dei som vil høyre, fleire gongar før. Det har blitt fire turar til Chios og eg har formidla eindel av det eg har opplevd og veit, og det blir nok fleire innlegg etter dette også.

Ikkje alle kan reise til Hellas, og det er også heilt meiningslaust, der er nok frivillige akkurat no. Det er heilt andre ting dei treng i flyktningleirane. Dei treng eigentleg å bli henta ut av ein øydeleggande livssituasjon. Dei treng avklaring, framdrift, eit nytt land, medan dei ventar på fred heime, dei treng eit liv med meining, ikkje eit liv på vent under fornedrande forhold. Slik det er i teltleiarane på Chios og i Hellas forøvrig no.
Denne mediesaka er frå april i fjor. Har det blitt noko betre? Nei, det er verre, men fordi media skriv om dramatiske enkelthendingar, heller enn konstante kriser, høyrer og ser vi mindre om forholda i Hellas no.
Europes dirty secrets (2017)
Båtflyktingar i Middelhavet (Tyrkia-EU avtalen har IKKJE stoppa menneskesmuglarane frå å stue og sende folk på havet i skrøpelige farkostar).
TV2-reporter Tom Rune Orset gjorde ein heiderleg innsats i å formidle forholda i vinter, då han låg i telt som flyktningane, saman med min venn, syriske Samer som fungerte som tolk og guide. Samer har jobba som frivillig fem gonger på Chios.

Kunnskap
Studiet «Menneskerettar, fleirkulturell forståing og konflikthandtering», er eit deltidsstudiet i Drammen. Gjennom dette studiet får eg ny kunnskap, djupare innsikt, ser samanhengar,  i det heile teke lærer! Kombinasjonen praktisk erfaring og teoretisk forståing, håpar eg kan gje meg muligheit til å gjere meir og formidle betre. Og meid kunnskap og kontakt har eg funne fleire brikker til puslespelet, men det manglar enno eindel, kanskje blir det aldri ferdig?
Livet har blitt meir meiningsfylt etter at eg lærte å involvere meg. Eg veit eg nærmar meg det nokre vil kalla ein klisje, men tar sjansen på å likevel bruke formuleringa; du blir ikkje fattigare av å gje. Som frivillig handlar det å gje, mest om tid og prioritering. Ikkje så mykje pengar, det er ikkje det viktigaste og ikkje har eg spesielt mykje av det heller. Men tid har eg hatt litt av. Å finne møteplassar, involvere seg, lese og søke innsikt er det rette for meg. Eg kan ikkje seie det er det rette for andre, men eg kan anbefale.

 

 

 

 

 

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s