Vel, kvar skal eg begynne? Her er mange moglege vinklingar. Den sjølvsentrerte varianten, som er ganske så populær i 2017-journalistikk; kor mykje det har betydd for meg å jobbe som frivillig i Hellas. Ein annan navlebeskuande variant er at eg aldri har følt meg meir nyttig, men også fortapt, som i flyktningleirane i Hellas. Desse vinklingane er i tråd med bloggen som sjanger og mediekanal, men er det interessant?
Neppe, for andre enn dei som kjenner meg godt, og knapt nok dei. Slikt har vi jo facebook til. Og, eg vil jo helst fortelje noko viktig og nå nye lesarar, som eg kan påverke. Ja, eg vil påverke. Klart eg vil det. Så eg håpar du heng med litt vidare, utan det subjektive fokuset, for eg synes ikkje mi oppleving er den mest interessante når vi snakkar om flyktningar.
Eg vil fortelje litt om bileta du ser, som viser flyktningar på Chios i desember 2015, februar 2016, mai 2016 og juli 2016. Det blei verre, ikkje betre, uansett kva Europakommisjonen skriv og kva norske politikarar seier; det er tarvelige forhold i Hellas! Dei som ligg på ei rekke sveltestreikar mot lang saksbehandling og uroa for borna si framtid. Det var i mai 2016. Ingenting skjedde. Nokre av dei er kanskje i leiren fortsatt.
Dei eg har møtt er interessante folk, men ikkje berre det, dei er også heltar. Flyktningar har kjempa meir enn du og eg nokosinne har gjort – og forhåpentleg kjem til å gjere.
Og viss du ser på bileta, tenk deg at dette er deg, eller nokon du kjenner og er glad i, som har reist frå alt, heimen sin, nabolaget, jobben, familien (dei fleste kjem åleine, eller deler av familien kjem, dei er sjeldan samla), vener, status, utdanning, bilen, hagen… alt er etterlatt. Og når du kjem tilbake dit ein gong, – viss du kjem tilbake nokon gong, er alt bomba øydelagt eller plyndra. Så det du har no er deg sjølv og den plastposen med byteklede og verdipapir, det du klarte å bere med deg.
Empati. Involvering. Engasjement. Ja, eg vil påverke. Og eg vil endre samfunnet mitt, Norge. Gjere det varmare og meir inkluderande. Få folk tryggare, mindre redde, mindre einsame, gladare. Det vil eg gjerne påverke til. Og ja, du som ikkje er enig med meg, eg vil gjerne påverke deg også. Først til å lytte/lese til det eg seier/skriv, deretter tenkje igjennom det og kanskje endre på noko. Kanskje finne ut at du ikkje veit alt, eller at du kanskje kan prøve å nikke eller smile, endatil snakke med nokon du ikkje har snakka med før.
Eg vil påverke deg til å tru at dei fleste menneske er gode og at dei færraste vil utnytte deg eller oss, men at sjølvrespekt for dei som oss, tilseier at ein skal jobbe og bidra til samfunnet. Ein må berre lære å forstå språket og samfunnet først, det har den norske staten pålagt dei. At dei er opptekne av verdigheit og sjølvrespekt, som du er, treng du ikkje tvile på. Sjå litt på desse ansikta under…
Kva ser du? Eg ser varme og takksemd over kontakt og samvær. Dette er Førde internasjonale kafe. I Førde, ja – men det finnes sikkert ein slik møteplass i nærleiken av der du bur også. Og du er heilt sikkert velkommen.
You must be logged in to post a comment.