Eg har bestemt mange karakterar no, men eg likar det ikkje.
Karakterutskrift, vitnemål, tala som avgjer om vegen vidare blir som du har tenkt. Og det skal vi gjere, det er jobben vår. Men heilt ærleg, eg ville mykje heller skrive ein tekst om kva eg synes om innsatsen din, haldningane dine, interessa du viser, ansvaret du tek, enn å setje eit forbaska tal som eit stempel på kva du yter, kven du er og kva du er god for. For både du og eg veit at du er noko anna enn det talet.

Velbrukt meldingsbok, også til kladdepapir tydelegvis. Meir om dette seinare i teksten.
Eg likar betre grunntydinga av ordet karakter. Store norske leksikon seier at karakter er «preg, kjennemerke, egenart». Nettopp! Det er det eg seier; din karakter for meg er den du er og det inntrykket du etterlet deg. Eg vil du skal vite dette, i det du ser på Skulearena kva karakterar du har fått, at eg har sett deg og kven du er også. Det er fint med alt du har levert, og dumt med det du ikkje har levert, men heldigvis har vi snakka saman, så eg veit kvifor det vart slik. Det er nemleg slik at vi lærarar snakkar med elevane våre kvar dag, vi gjev innspel og oppmuntring, såfremt vi har tid.
Det er nokon som alltid meinar at lærarar bør bli betre, at det er det det står på, for å oppnå best mogleg skuleresultat (les: Pisa), og slike folk seier at vi lærarar må bli flinkare til undervegsvurdering og framovermelding, – mellom anna (det er mykje meir dei trur vi ikkje er gode nok på). Men faktum er at vi driv med dette heile tida, på same måte som vi lærarar driv med samarbeid heile tida. Men, dette veit ikkje politikarane, for dei spør ikkje oss, men det får bli eit anna innlegg….
Dette innlegget handlar om deg og karakteren din. For, eg vil du skal vite at eg ser kva karakter du har. Det er ikkje noko du får av meg, men noko eg gjerne er med og bygger opp under. Styrkar deg på. Eigenarten din, preget ditt og kjennemerket 🙂 Tja, kjennemerke, det er vel kva du er kjent for, noko som kanskje ikkje er så veldig mykje når ein er 18 år. Men nokre elevar vågar å skille seg ut – og synes att. Sjølv var eg ikkje så særprega i den alderen. Men ein ting kan eg seie, eg var ikkje noko mønsterelev. Flink i nokre fag ja, men slett ikkje i alle. Og vitnemålet fortel litt av kvart, blant anna om fråværet det året eg tok lappen.
I går hadde eg opprydding i boda. I ei kasse som lukta gammalt papir, kom eg over skattar frå 1980-talet, i form av mengder med brev og ulike slags dokument. Mellom anna meldingsboka mi frå 1984. Sidan eg var 18 år det året, skreiv eg meldingar sjølv og det var eindel sjølvdiagnostisering, for å seie det slik. Måtte le litt når eg såg på årsaker til fråvær. Det er alltid greitt, anten du er lærar, eller foreldre å kikke seg litt tilbake og huske at kua eingong har vore kalv.
You must be logged in to post a comment.