Venner for livet?

Av og til lurer eg på kva tilhøyre og vennskap er tufta på og kor skjørt det er. Det handlar mykje om å bruke felles koder, for å passe inn, i 1987 som no.

30 aarsjubileum2

I helga var eg på 30-års jubileumsfest for mitt kull på Førde gymnas. Våren 1987 var eg del av ein venninnegjeng som stort sett hadde helde saman sidan 1.klasse på gymnaset. Med unntak av nokre småkonfliktar, slik det alltid er blant jenter, var samhaldet godt og vi hadde mykje moro i lag. Når eg ser på foto frå den gongen, sler det meg at vi lo, tulla og festa mykje. Slik ungdommane gjer i dag.

Forresten, har du sett SKAM? Det handler om det same, og viss du vil forstå ungdom, det herlige norske mangfaldet vi lever i no, eller huske deg sjølv som 17-19 åring, bør du virkelig sjå den mest intelligente, norsk TV-serien laga for ungdom (og dei som bryr seg om unge) nokon gong.

Som jentene og gutane på Hafstad vgs no, tretti år etter, var vi som gjekk på Førde gymnas også tidsriktige og konforme, på utsida, med permanent i blondt, tupert og høgt hår (sjå frisyrer 1984-1987). Men, vi var også ein gjeng individualistar når det kom til eigne meiningar, politisk, verdibasert og religiøs ståstad. Vi arrangerte OD, laga avis, stilte til elevrådsval, var med i politiske ungdomsparti og hadde kampsaker.  Eg trur vi må ha vore ganske frittalande, for trass min generelt dårlege hukommelse, kan eg huske nokre engasjerte og tidvis oppheta diskusjonar i klasse 3D. Og temaene var samfunnsorienterte og verdibaserte, som likestilling, religion og etikk – og AIDS, som vi var veldig redde for. Nokon sa at hiv måtte vere Guds straffedom for homofili og dekadense. Det provoserte.

amerikansk fotball anno 1987

Fotograf: Olav Øygard

Men av og til var vi berre leikne. I 1987 kunne også jentene spele amerikansk fotball, og gutar vere cheerleaders. Det foregikk, som i dag i Førdehuset og var kanskje forløparen til dagens Rockne bowl (?) Men vi snudde kjønnsrollene på hovudet. Jentene ute på bana, i heimelaga drakter, med skumgummi stappa inn under kleda, for å beskytte kne og framheve breie skuldrar. På bileta flasher vi jentene musklar og gjer oss mandige og farlige. Andre bilete viser gutar med duskar og femi look, som skal heie oss jentene fram til siger. I dag er kampen i Førdehuset kjønnsmessig korrekt som i USA, med søte velsminka og gjennom-koreograferte heiajenter, som piskar opp stemninga på tribuna og eggar dei muskuløse gutane på banen til dristige framstøt og macho kampbrøl. På dette området er vi langt unna kvarandre, dei unge i dag og vi kvasi-raddis 80-tals ungdomane.


Måndag 12. juni hadde tredje klasse på Hafstad vidaregåande skule høgtideleg skuleavslutning. Etter mykje posering, fotografering, ein avslutningsfest til (berre for elevane) og mange klemmar og tårer, må nittenåringane gå vidare, denne veka og utover sommaren. For dei skal i ulike retningar. Hittil har dei vandra mest i flokk, no startar den individualistiske, sjølvstendige tida. Eg huskar den var frigjerande, men også sårbar. Det å skulle starte på nytt, i ukjent miljø og passe inn der. Men, eg hadde feil farge på boblejakka då eg entra forelesningssalen på Universitetet i Oslo. Ein gjekk ikkje i rosa på Blindern og spesielt ikkje studentar på sosialantropologi. Klesfargekoden var svart eller jordfarga, gjerne supplert med etniske smykker og tilbehør. Den rosa boblejakka vart ikkje brukt på Blindern meir. Den nye stilen passa i eit par år, til eg traff vennegjengen til ein kjæreste. Det var unge menn og kvinner, som gjekk på Handelshøgskulen og BI, køyrde nye bilar (google yap) og investerte i aksjer. Gutane tykte min kjæreste hadde funne seg ei litt ufiks og radikal dame. I det miljøet gjekk gutane i blåskjorter og jentene hadde fine kjolar. Kva trur du eg gjorde?

I helga var vi (snart) femtiåringar samla til såkalla reunion (bilete). Nokre av oss har hatt god kontakt i åra etter gymnaset, andre har ein knapt sett på tretti år. Noko kontakt er tilfeldig,  anna er viljestyrt. Dei som har jobba for vennskapen har møttes av og til. Men uavhengig gjengen vi tilhøyrde i 1987, snakkar vi i dag med alle, vi er runde i kantane, veltrente som vi er i smalltalk gjennom åra.

Kanskje er vi like ungdommane i 2017, dei borna som nettopp vi har lært opp til å bli flinke, ambisiøse – og konforme. No skal nittenåringane starte det livslange løpet mot lukke. Vi har ikkje sagt det, men vi veit omtrent kvar det er – og ikkje er å finne. Og er meir opptekne av å bevare helsa, – og vener.

Lykke til vidare, til oss alle.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s