Reiseglede på lågbudsjett

Ikkje alle har råd til å reise rundt i Norge. Men, nokre av dei har kome hit likevel. På lågt budsjett og med håp om skyss. Dei står langs vegen, med tommelen ut. 

haiking2

Haiking fungerte fint på New Zealand, folk var hjelpsomme. Lisbet smilte uansett om dei stoppa eller passerte.

Det har norske ungdommar også gjort, men det var før, no kan vi alle reise dit vi vil når vi vil. Biletet viser ei av tre unge damer frå Loen, som kom seg fram med haiking på New Zealand og i Australia i 1988-89. Vi var i byrjinga av tjueåra, vi var studentar og vi reiste på billegaste måten, åt enkelt og budde på hostel. I Sydney jobba to av oss ein månad på cafe. Det var vel ikkje heilt godkjent, men slike ting gjekk an på 80-talet.

Tilbake til 2017: Vi veit alle at Norge er eit av dei dyraste landa i Europa å leve i, og sjølvsagt også å feriere i. Difor kjem det ikkje så mange europeiske studentar hit nord, dei har rett og slett ikkje råd.
Likevel har eg møtt nokre unge reisande, som har valgt Norge som feriemål. Dei bør vi ta godt imot (då kjem dei tilbake ein gong dei har pengar). Dei står der i vegkanten. Det begynner nesten å bli ein tradisjon, det er tredje året no, scenarioet er påfallande likt: Dei er to, dei har store ryggsekkar, og det regnar.

Ein våt junikveld for to år sidan kom eg køyrande på E39 forbi Skei, ein stad litt lenger vest, stod to unge kvinner. Det var som sagt ein regntung kveld, dei trengte haik og det var plass i yarisen. Jentene var tjekkiske studentar i tjueåra, på veg frå aust til vest, glade i fjellet, utan overnatting, men med ein plan om å ende opp i Bergen nokre dagar seinare. Vi snakka om aktuelle reiseruter og turmål. Det vil seie, dei var ikkje heilt sikre på kvar dei eigentleg skulle den kvelden, men målet var Sogn (!) og dei hadde lyst å gå på ein fjelltopp eller to. På veg langs Jølstravatnet prøvde eg å finne ut kva dei eigentleg hadde tenkt den kvelden og korleis få det til såpass seint, men det var dårleg med både «kart og kompass» til den planen. Nokre kilometer nedanfor Vassenden tok eg beslutninga og spurte om dei trengde husly. Det vart dusj, kveldsmat, kartlesing og rådgjeving (underteikna har trass alt vakse opp i turistnæringa). Etter frokost og hjelp til å finne strategisk haikeplass på E39 vidare sørover, no retning Lavik, dagen etter. Det gjekk nok bra. Eg har dei to studentane på facebook enno og ser dei er aktive i Tjekkia også.

haiking

Det lengste vi venta var to timar, elles stoppa dei, uansett standard og plass i bilen. Kiwiane* var gjestfrie og vennlege. Ein gong fekk vi låne eit feriehus som ikkje var i bruk akkurat då, inkludert fri tilgang til innhaldet i kjøleskåpet.

Året etter, også denne gangen på E39 i Jølster, ein om mulig enno våtare junikveld, står det eit ungt par med tommelen ut. Dei er polske studentar og kjærestar, på veg sørover mot Bergen dei også, men litt meir orienterte enn tjekkarane året før. Planen deira er å setje opp det våte teltet sitt der dei kjem denne kvelden. Verken dei eller eg ser heilt lyst på den planen, og teltet blir hengt til tørk i boda mi. Dei polske studentane får kvelds, ein sårt tiltrengt dusj og ei natt på madrass i Vieåsen i staden. Frokost og kartlesing, som sist, skyss til næraste og forhåpentleg beste plassen utanfor sentrum, for haik vidare.

tindevegen

Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø. Litt grått denne dagen. Sjølvsagt ein stad for ryggsekkfolk, men ikkje nødvendigvis med fjellsko.

Mi erfaring tilseier at det er mykje lærdom i tilfeldige, kortvarige møter også. Det å utveksle synspunkt, høyre kva dei seier om sitt land, vårt land og kva dei trur om samfunsutviklinga generelt. Ein kan også sjå på slike treff som øving i kommunikasjon. Med mitt tredje møte for eksempel, hadde eg sjansen til å friske opp fransken.

I enden av Tindevegen (mellom Øvre Årdal og Turtagrø), like nedanfor turisthotellet, står to unge menn i kjent stil og ser forhåpningsfullt på neste bil. Det er meg, eller rettare sagt yarisen min, som er neste bil. Og det duskregnar… Også dei er studentar, denne gongen frå Normandie. Praten går lett på engelsk. Skulefransken er for svakt i minne. Dei har ikkje gått i fjellet, er ikkje utrusta for denslags heller. Dei skal av ein eller annan grunn til Gaupne – eg spør ikkje kvifor. Studentane treng openbart ein dusj og dei har truleg ikkje hatt høve til å vaske tøyet sitt på ei god stund, tenkjer eg i mitt stille sinn. Men, det er berre å opne eit vindu diskre og setje ventilasjonen eit hakk opp. Gutane er hyggelege og pratsomme. Dei fortel om lavbudsjett reisa si, at dei har jobba på ein gard i nærleiken av Knarvik (!), dei fortel om studiene sine i Frankrike. Dei kommenterar det vakre landskapet i Norge. Vi snakkar om Macron og politikk, norske velferdsordningar og utviklinga i Europa, – til vi er i Gaupne. Denne gongen er ikkje husly nødvendig, det er enno tidleg ettermiddag og det er mykje å sjå i Sogn. Desse to vil klare seg fint, men håpar dei fann ein dusj.

Kvifor tek eg på haikarar? Svaret er samansett. Dels er det gode minner om møter med «locals» på New Zealand og i Australia for snart tretti år sidan. Kanskje er det også eit forsøk på å gje andre ungdommar gode minner, slik vi fekk? Så er det i tillegg ei grunnleggande – og muligens naiv – tru på at dei aller fleste som vi møter på vår veg gjennom livet, er gode, ærlege menneske. Når ein er femti år og har mest berre positive erfaringar på reiser i inn- og utland, er det vel lov å tru det?

* kiwi er kallenamn på folk frå New Zealand (slik aussie er det for folk frå Australia)

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s