Livet på vent sør i Europa

For dei som har budd i flyktningleirane på Chios i månader og opptil eitt år, har tida stått stille lenge, men i sommar har mange fått reise vidare, til fastlandet og andre leirar i Hellas. Ved utgangen av juli er det kring 560 bebuarar att i Souda camp.

Dette innlegget handlar om inntrykk frå min femte tur til Chios, som frivillig for Dråpen i havet.

Det er forbetringar i leiren, sidan eg var her sist. Dei provisoriske telta er borte og folk bur litt betre og litt meir privat enn for eitt år sidan, men framleis er det svært enkle buforhold og få kvadratmeter på kvar. Det er utdeling av tre måltid dagleg, som lokalt tilsette frå Norwegian refugee council (NRC) har ansvar for. Maten blir laga av ein lokal bakar og det er to varme måltid.

NRC trekker seg ut av dette oppdraget i august, fordi EU har stoppa finansiering av arbeidet. Grunnen kan ein sjå i denne videoen frå Chios, av Al Jazeera.

I tillegg deler vi ut te, er badevakter på stranda, arrangerar engelskkurs, kunstklasse, har sosiale arrangement og føl opp enkeltpersonar. I den perioden eg var i leiren vart også eit nytt lager klargjort og ein butikk for «verdig handel» (istaden for utdeling), der folk kan finne det dei treng sjølve. Drop shop konseptet er prøvd ut med gode erfaringar i ein annan leir på fastlandet.
Noko av det viktigaste ein gjer som frivillig er det å snakke med – og ikkje minst lytte til dei mange historiene. Nokre av dei er brutale og handlar om overgrep og brot på menneskerettar. Då er det viktig å ikkje bli overvelda av eigne kjensler, men tenkje rasjonelt. Kva treng ho/han, korleis hjelpe? Som regel er det einaste ein som frivillig på korttidsopphald kan gjere, å lytte og vise omsorg. Vår verkelegheit er så langt unna dei erfaringane flyktningane har, at vi kan aldri fullt ut forstå.
Men nokre gjer meir og blir lenger enn andre. Før vi forlet Chios besøkte vi Parents and toddlers housesom er starta og blir drive av Janne Hegna, tidlegare koordinator for Dråpen i havet på Chios. I videoen (linken) forklarer Janne kvifor dette er ein viktig møtestad for familiar. Senteret ligg inne i byen og i gåavstand til Souda. Her kan barn og foreldre kome bort frå det provisoriske tilværet i leiren for nokre timar, til ein stad som er meir likt ein heim.

 

-To Athina!
Mange er oppstemte og glade når dei endeleg får løyve til å reise vidare. Eg trur det er fordi det monotone livet endeleg blir brutt og det skjer noko. Fergereisa til Aten er eit skritt vidare. I sommar har flyktningar reist puljevis vidare til Aten, for å bu i byen, eller i leirar på fastlandet. Andre har blitt overførte til Vial, den andre flyktningleiren på øya. I Vial har ikkje Dråpen i havet tilgang, så forholda der kjenner eg ikkje så godt til. Men kvar dag kjem bussen med flyktningar som bur i Vial til Souda-leiren, der dei får «leftovers» (supplement av mat) og ulike NGO-ar (ikkje statlege organisasjonar) deler ut klede, sko, bagar, trillevogner og andre ting dei treng.  I Souda er det også aktivitetar og ulike former for sosialt samvær.
– Her er folk vennlege, dei snakkar med oss og bryr seg, uttalte ein Vial-buar til ei av dei frivillige.

I det eg forlet leiren for ei veke sidan, var det fleire spørsmål enn svar om framtida til dei som fortsatt er på dei greske øyane, og om forholda dei møter på fastlandet når dei kjem dit.

Vi reiste også (heim) med ferga til Aten. Ein millionby med mykje fattigdom og nød frå før av. No skal mange av flyktningane klare seg her. Nokre får leilligheit og eit fast beløp i månaden, men eg undrast om dei er trygge i storbyen og om greske myndigheiter er i stand til å hjelpe alle, utan dei frivillige organisasjonane i ryggen. Vil Hellas klarar å ivareta rettane til alle sårbare individ?

 

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s