– Det var litt av ei reise!

Eg registrerer at det er mange som er på ulike slags reiser, men så meiner dei eigentleg noko heilt anna enn det ordet betyr; at dei har vore igjennom ein prosess eller utvikla seg på ein eller annan måte. Det skurrar i mine øyre. For meg er ei reise fysisk forflytning frå eitt geografisk punkt til eit anna, inkludert opplevingar og erfaringar.  Anten har du vore på reise, eller så har du det ikkje.

koffert

Kall ein spade ein spade, seier eg. Har du utvikla deg noko voldsomt på kort tid, blitt ekstremt godt kjent med nokon, eller lært noko du ikkje trudde du kunne klare, så sei det! Ikkje kall det ei reise. Ekte reiser er sjeldsynte, ikkje til å slenge rundt seg i hytt og pine, når ein finn det for godt å bruke eit moteord. Ferdigsnakka.

Shuttelbussen i Aten var litt sein på gaten til Kjøbenhavn, men den kom og flyet tok av omtrent på tida. Så alt i orden. Men, på bussen står dei, tre norske tjueåringar, ei jente og to gutar, frå ein eller annan stad på Austlandet og kommenterar alt dei kan kome på å kritisere med Hellas. Dei tar for seg flyplassen, dei tilsette, og landet forøvrig i ironiske vendingar som er typiske for blaserte nordmenn i utlandet. Då den eine formulerer noko om at «Tenk korleis det hadde vore om grekerane hadde fått bestemme meir i verda….» er eg veldig nær å snu meg og spørje; kvifor er de her eigentleg?  Eg kunne ha lagt til noko om historie, utviklingsnivå, sivilisasjon og kultur, i nord-Europa kontra Hellas langt bakover i tid. Men, eg er typisk norsk eg også og irettesetter ikkje ukjente offentleg. Så eg vart berre ståande der og vere arg og indignert på grekerane sine vegne.

fly

Å reise er ein kunst som kan inneber opplevingar og muligheiter, frå start til slutt. 

Desse tre hadde forflytta seg geografisk, men neppe lært noko særleg. Dei hadde sikkert opplevd eindel, for eksempel party på billig alkohol og kanskje hadde dei også erfart eit par ting, men blitt noko klokare? Ikkje med den instillinga, trur eg. Og kan ikkje folk med negativ innstilling på jakt etter å finne feil, berre halde seg heime? Slike ting tenkte eg. Men sa det ikkje. Fint at dei gjekk inn i flyet bak og eg framme, for eg likar ikkje å ergre meg når eg er på reise. Reiser skal nytast.

På toget mellom Kjøbenhavn og Gøteborg, kjem det også tre ungdommar og set seg ved sidan av meg. No er vi i Sverige, så då er dei vel svenske. Ja, og nei. Eg kjem i prat med jenta i setet ved sidan av meg. Ho smiler, har kvikke auger, ein pent dandert hijab, snakkar ope på flytande engelsk (ja, eg let nynorsken ligge for anledningen). Ho kjem frå Syria. Vi pratar om heimlandet hennar, krigen, integrering, Sverige som nytt heimland, som ho seier stolt og smilande. Og vi pratar om Skam, Sana og nye norske ord ho har lært, som vi ler litt av. Gutane på andre sida av midtgongen kikar på oss. Dei skal gå av i Helsingborg, der ho hjelper meg å byte til rett togvogn som skal vidare til Gøteborg.

ferga til Aten – Kopi

I Hellas kan dei ferger. Som Norge, er landet ein sjøfartsnasjon med dyktige båtfolk som får oss trygt fram mellom dei greske øyane.

Ja, det finnes mange måtar å reise på. Tog er ein favoritt, folk er ofte så avslappa der. Så snart dei har fått plassert bagasjen, kan dei finne fram boka, kortstokken, mat og drikke. Eller, for å vere heilt ærleg var vel det helst i «gamle dager», for kva finn dei fleste fram i dag? Jada, det er mobilen. Men, fortsatt ser ein mange med ei bok på toget. Eller, folk som sit vis-a-vis og regelrett pratar med kvarandre. Det same gjeld ferjer og båtreiser. Vi er trygt planta på sjøen og kan senke skuldrane. Sikkerheitsrutiner her også, javel, men kapteinen styrer skuta og veret er bra. Så då kan vi prate litt med sidemannen og vandre litt rundt. Oppleve og sanse rørslene i farkosten, lukta frå havet og motvinden i ansiktet.

På alle reiser har eg anledning å møte nokon, lære og erfare noko. Det er eit val ein tar. Dei mest interessante møta er ofte resultat av impulsive handlingar, som å snakke med ukjente medpassasjerar.
No veit jo ikkje eg kor mange grekarar dei tre norske ungdommane prata med på ferieturen sin, men eg kan vel tenke meg at vi ser litt ulikt på det med å reise med eit ope sinn. Du må faktisk takle å ikkje hive dopapir i doen, men i søppelbøtta. Du må godta at greske bilistar ikkje nødvendigvis stoppar så snart du nærmar deg eit fotgjengarfelt. Eller at kontantar er meir verdsett enn i Skandinavia, der vi dyrkar platskortet. Slik er det ikkje overalt elles i verda og det må vi finne ut og godta. Før vi reiser. Folkeskikk og tilpasning er stikkord.

No kjenner eg svært mange ungdommar og veit veldig godt at dei fleste er reisevante på ein heilt anna og meir sympatisk måte enn dei tre nemnte. Klaging og manglande respekt for nasjonal egenart, er kanskje vel så utbreidd i generasjonen eg tilhøyrer, altså vi mellom 40-60 år.  Og eg trur det er mest tydeleg hos dei som reiser minst, men som gjerne vil gje inntrykk av det motsette.

Forresten, god tur til deg som skal ein stad – det blir nok ei fin reise 🙂

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s