Mi stemme går til…

Det partiet som pålegg alle landets kommunar å sørge for kjeldesortering, det partiet som stansar dumping av miljøskadeleg avfall i norsk fjordar, det partiet som snakkar positivt om integrering og solidariet med flyktningar, det partiet som seier at den norske skulen allereie er god – og det partiet som forstår at verdiar blir skapte og vedlikehelde i møte mellom menneske overalt i verda. 

 

Eg kom nett heim frå tre veker i utlandet. Eg har ikkje fulgt med i norske media, men skjønar i det eg kryssar siste landegrensa og kjem «heim», at mi verkelegheitsoppfatning krasjar med fokuset i Norge.

Noko av det første eg ser er at det blir diskutert norske verdiar, ein nynazistisk marsj i Kristiansand, bilettolking av kvinnelege politikarar i media, og at Listhaug nok ein gong har fokus på alle problema med asylinstituttet. Eg ser brotstykker av ein verdidebatt, som eg ikkje veit enno om eg vil gå i djupna på. Verdiar har eg lenge hatt lyst skulle kome på den politiske dagsorden, det er berre det at utgangspunktet og perspektivet i denne debatten nok ein gong synast å vere «oss» og «meg og mitt». Det norske fokuset kjennes av og til så intetsigande og navlebeskuande.

Kven vil innfri valløfta etter 11. september? I dag sveipa eg innom ein direktesendt tale med Jonas Gahr Støre på AUF-leir. Han har mange visjonar om miljøsatsing. Eg har lese eit intervju med Erna også og sett kommentarar frå Hareide. Lenger har eg ikkje kome. Valgomatane til dei ulike nyheitsmediene har eg enno ikkje prøvd. Eg kjenner meg litt matt alt før valkampen har starta for fullt. Eller kanskje den har det? Men i så fall, kvar er det store internasjonale perspektivet? Blikket ut over eigen hageflekk, kommunegrense, nasjonale interesser og vern om eigen velstand? Kvar er verdiar som medmenneskelegheit, solidaritet, og globalt ansvar? Den eller dei som kan overtyde meg om det, får mi stemme.

Dette innlegget vart posta under Arkiv. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s