Om meg

dsc_1521

På reise nummer to til Chios, i vinterferien februar 2016

Arbeidet mitt
Eg er medielærar på Hafstad vidaregåande skule, der eg underviser i faga mediesamfunnet (vg1), mediekommunikasjon (vg2) på studieretninga medium og kommunikasjon og faget medie- og informasjonskunnskap på studiespesialiserande vg2.
Eg er utdanna journalist og har erfaring frå arbeid i avis og radio, informasjonsarbeid i det offentlege, oppdrag og prosjektarbeid. Sidan 2004 har eg arbeidd som lærar og utdanna meg til dette yrket, som eg trives godt i. På medium og kommunikasjon har eg mellom anna ansvar for undervisning om journalistikk, informasjonsarbeid, avis- og radioproduksjon, men også meir generell mediekunnskap.

Ved sidan av jobb, studerer eg faget Menneskerettar, fleirkulturell forståing og konflikthandtering. Eg starta studiet hausten 2016 og er ferdig våren 2018. Det er svært kjekt og lærerikt!

Røde kors-ar
Frivillig arbeid får mykje av fritida mi. Eg er medlem i Røde kors, under kategorien omsorg. Eg har vore flyktningguide, eg er styremedlem i Distriktsstyret til Røde kors i Sogn og Fjordane, eg er RK sin representant i styret for programmet Survivors of conflict på UWC i Fjaler, eg er kurshaldar i temakurs fleirkulturelt arbeid i Røde kors, eg har også vore kontaktperson for flyktningguidar i Førde, deltek som frivillig på det årlege arrangementet Til topps, hjelper til på Ferie for alle og går med bøsse under innsamlingsaksjonar. Eg vankar (og hjelper til) på Internasjonal cafe når det trengs. Og ja, –  så er eg med i Førde internasjonale kor, som også er ein treffplass Røde kors har vore med og starta.

Dråpen i havet
Jula 2015 hadde eg min første tur til Hellas som frivillig for Dråpen i havet. Tilsaman har eg vore fire turar til øya Chios, frå desember 2015 til juli 2016 , som frivillig for hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet. Vi hjelper flyktningar frå Syria, Afghanistan, Irak og andre land, som har stranda i Hellas og no sit fast i flyktningleirar på øya. Dette er det mest meiningsfylte arbeidet eg har gjort på mange år, kanskje nokon gong (forutan å vere mor).

Trening
Eg har vore vert i omlag ti år for idrettslaget Friskis&Svettis, der eg deltek aktivt sjølv også, med alt frå styrketrening til yoga. Denne våren har eg ein pause som vert, for å få meir tid til studiene mine.
Eg går i fjellet og nyt naturopplevingar i inn- og utland. Av og til er eg med Indre Sunnfjord turlag, som eg synes er ein flott organisasjon, på turar der eg gjerne vil ha selskap av proffe turguidar.

Internasjonalt
Tidlegare har eg vore involvert i internasjonalisering, gjennom eit skuleprosjekt i Uganda som har resultert i eit samarbeid med ein katolsk jenteskule i Masindi. I desember 2014 hadde vi besøk frå denne skulen på Hafstad vgs.
Eg har også, gjennom Røde kors, vore delaktig i eit såkalla twinningprosjekt (partnerskap) mellom distriktet Brcko i Bosnia-Herzegovina og Sogn og Fjordane RK, med ei reise til Brcko i 2012.

Å skrive og dele 
Denne bloggen handlar mest om tema knytt til fritid, frivillig arbeid, jobben min og generelle dagsaktuelle tema. Kommentarar er kjekt, så du er velkommen til å respondere på det eg skriv her. Håpar du finn noko av det eg skriv litt interessant.

1 Response to Om meg

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s