Sjå på portretta på veggen. Har du sett desse ansikta før, her i Førde? Dei har budd her, men dei hadde merkelappen flyktning. Var det difor vi ikkje såg dei – før no?

Fire av dei portretterte, saman med dei som har laga fotoutstillinga «Refugees beyond the name», på Pikant i Førde. Bileta er portrett av 23 av dei som budde på Øyrane mottak, før det vart lagt ned. Foto: Monica Skilbrei
Har du også hatt den kjensla, når nokon du kjenner har reist, eller flytta? Nokon som har har glidd vekk og blitt borte frå deg. Kjensla av å bli forlatt, ei slags tomheit. Og kanskje nokre spørsmål; kunne eg gjort noko, sagt nok, så dei hadde blitt verande her likevel?
Det er slike tankar eg har når mottak etter mottak blir lagt ned her i Norge. Når dei unge afghanske gutane er borte, det er færre nye ansikt, nokre familiar har fått anna kommune og har flytta dit, andre har blitt utviste. Dei fekk ikkje opphald, asylsøknad avslått. Dei 18 år gamle gutane er vaksne, dei iranske kvinna er frå feil land, det er trygt nok i heimlandet ditt. Politisk vilje og juridiske argument fordriv dei ut, vekk frå oss. Er det betre? Eller kan det vere eit tap? Vårt tap?
Eg tenkjer på kva som kunne ha blitt, som nye vennskap, gode naboar, fleire ressursar i helsevesen, fleire kollegaer med språkkunnskap, ingeniørar, kokkar, restaurantar. Fleire frivillige i Røde kors, fleire på dugnad og i sving med samfunnsnyttig arbeid. For spør vi er det det mange vil. Bidra. Vere her.
Men det vil vi aldri få vite, for dei har reist. Og politikarane meinar at det er vellukka asylpolitikk. Straumen er stansa, talet er kraftig redusert frå i forfjor til i fjor og enno mindre er talet i år. Hurra, seier dei som likar det best slik det alltid har vore. Det norske, ikkje det multikulturelle. «Det har aldri vore noko for oss«. Signal er sendt og oppfatta. Men, kva slags signal? Signal om politikken, eller signal om Norge? Om oss?
Gjennom fotoutstillinga «Refugees beyond the name» laga av Ulf Rugumayo Amundsen og tekstane (engelsk og arabisk) til Alma Habbal, får vi ein ny sjanse. Vi rakk kanskje ikkje å bli kjent med dei då dei var her, men kan i alle fall dyrke etterpåklokskapen ved å sjå på bileta på veggen. Tenkje at han der ser ut som kompisen, ho kunne vore arbeidskollegaen eller naboen din. For i fotografia og heftet, som føl utstillinga, kan du bli litt kjent med menneska bak omgrepet «flyktning». Takk til Alma og Ulf som har gjort jobben for oss.
You must be logged in to post a comment.